Store kontrastar i Lima: Ein talarstol med den eine politikaren etter den andre i aksjon. På FNs klimakonferanse skal 196 land leggje fram kva dei vil gjere for klimaet. I sentrum av Lima: Folkets klimamarsj - 15.000 menneske som stiller krav, som ber om meir enn ord.
Studentar, urfolk, miljøvernarar, fagforeiningsfolk - spennvidda er stor. Men her har
Judyth Rivero Burgos har komme hit til Lima frå Bolivia for å delta i Folkets klimamarsj. Ho er leiar for ei gruppe som arbeider for urfolk sine rettar.
Foto: Eivind Molde / NRKdei samla seg - på Plaza San Martin. Politiet har rusta seg til kamp, men det heile går roleg for seg.
– Manglar drikkevatn
Alheli Malaga er student frå Lima. Ho er uroa over kva konsekvensar klimaendringane kan få her i området.
– No ser vi også følgjene for oss her i Lima. Vi er i eit ørkenområde og i Lima er det mange som ikkje har vatn no. Isbreane oppe i Andesfjella, som er den viktigaste drikkevasskjelda, blir mindre og mindre, og situasjonen er alvorleg, seier ho.
Største klimamarsj
Folkets klimamarsj i Lima er inspirert av den store marsjen i New York under klimatoppmøtet som FNs generalsekretær, Ban Ki-moon heldt i september. Då gjekk 400.000 menneske gjennom gatene.
Med 15.000 menneske i sentrum av Lima, er dette den største klimamarsjen i Latin-Amerika nokon gong. Bodskapen er klar, og den handlar om meir enn å presse politikarane til handling i klimasaka.
Den handlar også om rettferd for urfolk som lever i regnskogen, og om vern for miljøaktivistar som blir trakasserte av mektige næringsinteresser.
(Artikkelen fortsetter under bildet)
I den store plenumssalen skal mange på talarstolen denne veka. Her er Buthans representant i aksjon
Foto: Eivind Molde / NRKRespektere urfolk
Judyth Rivero Burgos har komme hit frå Bolivia. Ho er leiar for ei gruppe som arbeider for urfolk sine rettar.
– Vi vil at styresmaktene skal respektere rettane vi har som urfolk. Styresmaktene må ikkje forhandle om rettane våre, om naturressursane i våre område, seier ho.
Studenten Alheli Malaga håpar dei som er på klimakonferansen får med seg det som skjer her inne i sentrum av byen.
– Håpar dei lyttar til oss
– Vi håpar at vi ved å vere her, viser dei at vi er alvorleg uroa for det som skjer med klimaet, og at vi treng løysingar no, seier ho.
Arbeidet med teksten går sakte, seier klima- og miljøminister Tine Sundtoft (H).
Foto: Eivind Molde / NRKBlant dei mange som hadde ordet på FN-konferansen onsdag, var klima- og miljøminister Tine Sundtoft (H). Ho heldt det norske innlegget.
– Det aller viktigaste eg formidla, var at var at alle land må bidra. Bidraga blir nok ulike, men alle må gjere sitt.
– Og så er det viktig at vi får ein oversikt som viser om det som dei ulike landa bidrar med, er nok til å nå målet om at temperaturen på jorda ikkje skal stige med meir enn to grader samanlikna med førindustriell tid, seier Sundtoft.
- Sjå også: Dette må skje under klimaforhandlingane
Alle land skal sende inn sine mål i første kvartal neste år, som ein del av førebuingane til klimatoppmøtet i Paris, der ein ny, internasjonal avtale skal vere klar.
– Ser ikkje så bra ut
– Vi har sett ei storstilt mobilisering gjennom Folkets klimamarsj, og det er mange som har forventningar om eit godt resultat fredag. Får vi det?
– Forhandlingane om utkastet til avtaletekst går ganske seint. Så akkurat no ser ikkje det så bra ut.
Lyden frå Folkets klimamarsj kunne nok ikkje høyrast inne i den store plenumssalen. Men alle som har ordet her desse dagane, veit nok godt at forventingane er store. No fekk dei nok ei påminning om det.