Etter 120 minutt stod det 4-2 til 2. divisjonslaget Levanger, som dermed sendte 1. divisjonslaget Kristiansund på hovudet ut av cupen.
– Vi spelte ein fantastisk kamp og hadde meir ork og vilje enn Kristiansund. Vi spelte dei ut i 60 minutt. Eg er stolt av moralen som spelarane viste i denne kampen, jubla Levanger-trenar Andreas Holmberg i intervju med Trønder-Avisa etter kampen.
- Les:
Cruisa mot cupavansement
Kampen opna derimot glimrande for Kristiansund, som rykka opp frå 2. divisjon i fjor.
KBK-angripar Victor Ashby blei spelt fri, sprang frå alle og sette 0-1 i nettet bak Levanger-keeper Ola Rygg.
Bortelaget, og favoritten, heldt oppe trykket og kontrollerte 2. runde-kampen i Levanger. Etter 30 minutt kom 0-2.
Ei avslutning av Sverre Økland inne i 16-meteren gjekk i stolpen, der Andreas Aalbu var frampå og sikkert dobla Kristiansund-leiinga.
To minutt ut av det blå
I andre omgang prøvde Levanger seg i større grad, og KBK mista litt av kontrollen, men etter 75 minutt såg kampen lett avgjort ut.
Men så: 1-2 etter 76 minutt. 2-2 etter 78 minutt.
Først var stortalentet, og Molde-klare, Jan Tidjani Aboubacar frampå og klinka inn 1-2 mellom føtene på KBK-keeper Roger Berntzen. Berre to minutt seinare utlikna Lars Emil Flakk til 2-2 etter ein corner.
Langt frå fortent, på Moan gress i Levanger, men no var det full spenning i kampen igjen.
Myrslo blei cuphelt
Kampen gjekk til ekstraomgangar, og etter berre fire minutt fekk heimepublikumet noko å juble for.
KBK-keeper Berntzen var uheldig og felte Levanger-innbyttar Bent Sørmo. Frå straffemerket var Tore Myrslo sikker til 3-2.
Dermed måtte bortelaget angripe med alt dei hadde. Slikt blir det kontringar av.
Ballen blei spelt opp på høgresida, før Myrslo til slutt beina ballen i mål til 4-2.
Bortelaget, éin divisjon over Levanger i seriesamanheng, prøvde og prøvde, men etter 120 minutt fekk trønderane detonert cupbomba.