Sakene er eigentleg urelaterte, men kan passe som hand i hanske.
Hareide har allereie blitt lansert som ein mogleg AaFK-trenar. Når han no flyttar heim til Noreg og Molde gjer ikkje han seg sjølv mindre aktuell.
- Les også:
- Les også:
Éin i rekkja
Etter at Hareide i sommar måtte sjå seg ferdig som Viking-trenar, fekk han tilbod frå Sverige.
Gamleklubben Helsingborg ringte, der Hareide blei tilsett på ei halvårskontrakt. Han leia klubben til ein sjetteplass i Allsvenskan.
Kontrakten med Helsingborg går ut 6. desember, med kun ein bortekamp mot Twente i Europaligaen som gjenståande.
Deretter flyttar Hareide heim til Molde, og føyer seg inn i ei lang rekkje av arbeidslause norske trenarar.
– Fått det med meg
I eit intervju med Nettavisen seier 59-åringen frå Hareid at han ikkje er ferdig med fotballen.
I augneblinken er Aalesund éin av klubbane utan hovudtrenar. Vålerenga er ein annan.
Etter at Kjetil Rekdal blei sparka i AaFK, fekk rådgjevar for Rekdal, Trond Mathisen, spørsmål om dei hadde vore i dialog med Vålerenga.
– Det har eg ingen kommentar til, svarte rådgjevaren.
Rekdal har uansett blitt nemnt hyppig sidan Martin Andresen blei sparka i Oslo-klubben. Dei ledige stillingane har Hareide òg fått med seg.
– Eg har fått det med meg, men eg har ikkje tenkt noko over det. Begge klubbane er gode klubbar, men dei finst det mange av, seier Hareide.
(NRK/NTB)