Hopp til innhold

Tiltalt for overlagt trippeldrap

Ein 31 år gammal sør-sudanar er tiltalt for trippeldrapet på Valdresekspressen i Årdal.

Kripos sine teknikarar gjer undersøkingar ved bussen der tre personar vart drepne i Årdal
Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

– Han er tiltalt for tre tilfelle av overlagt drap, seier 31-åringens forsvarar, Fredrik Verling, til Bergens Tidende.

31-åringen vart orientert om tiltalen i Bergen fengsel på tysdag.

Overfor BT seier Verling at han ikkje vil kommentere saka meir før han har snakka med klienten sin.

Tiltalen betyr at riksadvokaten meiner 31-åringen planla drapa på førehand. Overlagt drap har ei strafferamme på 21 års fengsel.

Politiet har tidlegare også meint at drapa har vore planlagde, og sikta vedkommande for tre tilfelle av overlagt drap.

– Det ligg i siktinga at handlingane var planlagde, og at det ligg vurderingar bak. Det er ikkje tale om noko impulsiv handling, sa politiadvokat Jørn Lasse Refsnes til NRK.no i mai.

Mannen er av sakkunnige rekna som strafferettsleg pårekneleg. Han har så langt ikkje ville la seg avhøyre av politiet.