Hopp til innhold

Kvinne frifunnen for vald mot ambulansearbeidar

Retten kan ikkje sjå bort frå at nokon tukla med drinken til kvinna. Dermed frifann dei henne for vald mot ein ambulansearbeidar.

Sogn tingrett

ILLUSTRASJON: Kvinna møtte i retten tiltalt for vald mot ein ambulansearbeidar, men vart frikjent.

Foto: Arve Uglum / NRK

Kvinna i 20-åra er i Sogn tingrett frifunnen etter at ho i oktober i fjor slo seg krakilsk i ambulansen.

Kort tid etter at ho vart observert dansande og glad på utestaden, kom ei dørvakt over henne livlaus på eit toalett.

Funne livlaus

I frykt for kvinna sin helsetilstand varsla utestaden ambulanse som kom til staden kort tid etter. I ambulansen vakna kvinna til og nekta å bli med til sjukehus.

Då ambulansepersonellet løyste henne frå båra og skulle la henne få gå, slo kvinna rundt seg og trefte mellom andre eine ambulansearbeidaren i magen.

Sjølv hugsa ikkje kvinna stort frå ho var på dansegolvet, til ho vakna på sjukehuset.

Kravde bot

I retten erkjende ho ikkje straffskuld, medan påtalemakta la ned påstand om 12.000 kroner i bot og sakskostnader.

Sjølv om verken forsvaret eller politiet kunne dokumentere eine eller andre vegen, kunne ikkje retten sjå vekk ifrå at kvinna hadde fått i seg noko anna enn alkohol den aktuelle kvelde.

Og at nokon kunne ha hatt narkotiske stoff i vinen hennar.

Tvilen kom til gode

Retten viste mellom anna til den dramatiske endringa på kort tid, samt at det er kjent at valdtektsdop som Rohypnol og GHB vert nytta i tettstaden. Symptoma til kvinna var også i samsvar med dette.

Basert på opplysningane i saka lét retten tvilen komme kvinna til gode og frifann henne for forholdet.