Hopp til innhold

Stor mangel på varetektsplassar - må leite for å finne ledige fengsel

Politiet brukar unødig mykje tid og ressursar på å finne fengselsplass til kriminelle.

Vik fengsel/Knut Broberg

Påtaleansvarleg Knut Broberg seier politiet brukar mykje tid på å leite etter ledige fengselsplassar.

Foto: NRK

Før helga måtte politiet bruke store ressursar for å leite fram ein fengslingsplass til ein polsk vinningskriminell før dei fann plass i Bergen.

Påtaleansvarleg i Fjordane Politidistrikt, Knut Broberg, seier leitinga er blitt ein kjedeleg vane.

– Det er ganske vanskeleg. Vi må leite etter fengselsplassar kvar gong, seier Broberg.

Mange i soningskø

Politiet må drive detektivarbeid for å finne fengselsplassar til kriminelle. Før helga brukte politiet mykje tid på å leite etter fengselsplass til ein polsk vinningskriminell som fekk fire veker varetekt.

På landsbasis står rundt 1200 personar i soningskø. Dermed blir det vanskeleg for politiet å finne fengselsplassar.

– I forhold til dei ressursane vi har, brukar vi for mykje på dette arbeidet. Vi bruker unødig mykje tid på å finne ein fengslingsplass og det er eit puslespel å frakte vedkommande der etterpå, seier han.

Må ofte seie nei

Dagleg leiar ved Vik fengsel, Roy Egil Stadheim seier dei ikkje klarer å stille varetektsplassar til disposisjon i den grad dei ønskjer.

– Det blir ofte eit puslespel å få dette til, seier han.

I Vik har dei 39 fengselsplassar etter at dei i 2008 fekk utvida med 11 opne plassar, men det er framleis ikkje nok.

– Vi får spørsmål fleire gonger i veka. Nokre klarer vi å ta imot, medan andre må vi seie nei til. Det skjer relativt ofte at vi må seie nei til varetektsplassar.

Vil redusere køane

Statssekretær i Justisdepartementet, Kristin Bergersen, seier regjeringa har føreslått to konkrete tiltak for å redusere soningskøane.

– I budsjettet for 2014 er det forslag om å auke bruken av elektronisk kontroll, såkalla fotlenke. Dette skal bli ei landsdekkjande tilbod. Vi skal også innføre bøteteneste. Det vil seie ei form for samfunnsteneste i staden for at du tek opp ein fengselsplass. Dette vil frigjere ein del fengselsplassar for dei som treng det.