Hopp til innhold

Håpar å nå ut til millionar med musikkvideo som viser Bremanger frå si beste side

Blått hav, fjordar, fjell og sandstrender du berre kan drøyme om. Slike bilete frå Bremanger kan no nå ut til millionar av menneske verda over når Madcon sin musikkvideo «All I Do» endeleg er lansert.

– Dette er veldig herleg. Det er ein dag vi har sett fram til i over to år, jublar Svein Arild Vatsø.

30-åringen frå Bremanger har vore produsent for den mykje omtalte musikkvideoen til duoen i Madcon. Låta «All I Do» er frå albumet CONtraband som kom ut i 2010, sommaren etter vart filmen spelt inn i Bremanger, og først no kjem altså videoen.

– Vi har ikkje hatt hastverk med å få ut videoen. Dette er ein marknadsføringskampane, og då er det viktig å gjere ting rett. Det vi har fått til no, seier Vatsø nøgd.

Regissør for videoen er bergensaren Bjørn Myreze, som vart kopla inn då Svein Arild Vatsø tok kontakt tidleg i arbeidet.

Samarbeider med Innovasjon Norge

Med seg på laget har produsenten og Madcon nemleg fått reiselivsportalen Visitnorway. Nettstaden er Innovasjon Norge sin viktigaste kanal for marknadsføring av Norge som ferieland, både for folk i Norge og i utlandet.

I går vart musikkvideoen «All I Do» lansert på deira heimesider, sider som kvart år har over 20 millionar besøk.

– Dette har blitt større enn vi hadde håpa på. Samarbeidet med Visitnorway er ein merkelapp som betyr mykje for dei fleste, seier Vatsø og legg til:

– Grunnen til at vi gjekk i gang med dette prosjektet var å freiste unge til å kome hit, og få unge til å flytte heim att til Bremanger, få folk til å få auga opp for Bremanger og marknadsføre Bremanger. At Visitnorway no har teke tak i dette og spreiar det gjennom sine kanalar… Det er heilt topp, seier ein svært blid Vatsø.

– Vi valte å inngå eit samarbeid med VisitNorway for å nå ut til eit breitt publikum på ein annleis og effektiv måte, seier manageren til Madcon, Peter Peters.

(Artikkelen held fram under)

Video Norges dyraste musikkvideo i Bremanger

Håpar å nå ut til unge noregsturistar

Reiselivsdirektør i Innovasjon Noreg, Per-Arne Tuftin håpar den nye musikkvideoen skal få yngre menneske til å få auga opp for Norge.

– Norge og Bremanger ser fantastisk ut i den nye musikkvideoen, seier han og legg til.

– Vi treng å nå ut til dei yngre målgruppene for å auke interessa og bevisstheita rundt Norge som ferieland i denne gruppa. Vi trur musikkvideoen og samarbeidet med Madcon vil skape ein appell utover vår vanlege målgruppe, seier han.

– Tradisjonelt brukar vi brosjyrar og vanlege videoar, men denne videoen er litt annleis og spennande. Vi håpar den kan vere med å få merksemd om Norge frå målgrupper vi vanlegvis ikkje når fram til.

– Tradisjonelt er det folk frå midten av 30-åra og oppover som besøker Norge. Denne videoen har fokus inn mot betydelege yngre aldersgrupper. Det vi håpar og trur er at vi kan få merksemd blant folk i slutten av tenåra og starten av 20-åra, og få dei til å fatte interesse for Norge som reisemål, seier han til NRK.no.

– Verdt pengane

Svein Arild Vatsø

VERDT DET: Svein Arild Vatsø frå Bremanger har produsert musikkvideoen. Han meiner den er vel verdt pengane for dei som har spytta inn pengar i budsjettet.

Foto: Vidar Furnes

Det er Bremanger kommune og lokalt næringsliv som har betalt for produksjonen. Ifølgje Vatsø har den hatt eit budsjett på 800.000 kroner. Han meiner både kommunen og dei andre bidragsytarane får igjen for pengane dei har spytta inn.

– Garantert. Eit budsjett på 800.000 kroner kan høyrest mykje ut, men det er lite i denne samanhengen.

– Vi har fått marknadsføringsverdi for millionar av kroner i forkant av lanseringa, og når Visitnorway no lanserer dette på sine plattformer, så meiner eg det er heilt klart at desse investeringane mangedoblar seg og vil gje avkastning, seier Vatsø.

– Naturen som kulissar til film og tv

I musikkvideoen kan ein sjå Madcon-gutta kaste seg utfor Hornelen, køyre Ferrari på smale bygdevegar, festar på ein yacht i havgapet og danse og synge på Grotlesanden, ei av dei finaste strendene på vestlandskysten.

Vatsø meiner Bremanger har fått vise seg fram frå si beste side og håpar både turistar og andre aktørar kan få auga opp for norsk vestlandsnatur.

– Eg trur iallfall dette kjem til å få merksemd hos den yngre generasjonen. Og det har også vore målet med samarbeidet med Visitnorway.

– Vi får vist fram flott norsk natur til heile verda, og det kan vere med å lokke folk frå utlandet til Norge og Bremanger.

– Håpet er at dei kan få auga opp for den naturen og dei kulissane som kan brukast i forhold til film og tv-verda, seier Vatsø.

– Må tore ta nye grep

Også Tuftin i Innovasjon Noreg meiner videoen viser at Norge kan eigne seg for filmverda.

– Dette er eit bevis på at ein ikkje treng å reise utanlands for å skape eksotiske kulissar på film.

– Videoen tek i bruk nokre litt dristigare verkemiddel enn Innovasjon Noreg vanlegvis brukar i marknadsføringa av Norge, men nokre gonger må ein tore å ta nye grep for å nå ut til dei yngre målgruppene som vi ønskjer å rekruttere til framtidige noregsturistar, seier Tuftin.