Hopp til innhold

Lanseringfest for musikkvideo - men enno blir den ikkje sleppt for folk flest

Laurdag kveld blei den etterlengta videoen til Madcon lansert i Bergen – men det er framleis uvisst når folk flest får sjå den.

Utdrag frå musikkvideoen som Madcom spelte inn i Bremanger

VIDEO: Sjå klipp frå den nye musikkvideoen - her frå den mest påkosta scena i filmen.

Det er to år sidan den påkosta videoen blei spelt inn i Bremanger. No er den ferdig og i går var det lanseringsfest for videoen på ein utestad i Bergen.

Produsent Svein Arild Vatsø, som sjølv er frå kystkommunen, seier det var ei slags alternativ rekrutteringsmesse. Omlag 200 personar kom til festen og Vatsø seier det var ein kjekk kveld.

– Målet med videoen er å lokke folk heim til Bremanger og målgruppa er dei i alderen 25–45 år. Vi vil vise at kommunen er attraktiv og i tillegg skape stoltheit. Det er det vi tenkte då vi sette i gang med å lage musikkvideoen.

Stolt ordførar

Karl Vidar Førde

NØGD: Ordførar Karl Vidar Førde seier lanseringsfesten var laurdag var bra og at han fekk snakka med mange utflyttarar.

Foto: Anita M. Ingebrigtsen/Firdaposten

Madcon er i Tyskland og var difor ikkje til stades på festen, Men fingermat, god drikke, musikkvideoen og ein bakomfilm, skulle lokke folk til utestaden der festen var.

Ordførar Karl Vidar Førde hadde teken turen til Bergen for å vere med på lanseringa.

– Dette var veldig bra, med mykje folk og stormande jubel, seier han til NRK.no.

I løpet av kvelden møtte han mange som hadde flytta frå Bremanger, fleire av dei er studentar.

– Det er folk som seier dei vil flytte tilbake når dei skal etablere seg. Men mange er i ein fase der dei studerer og ikkje heilt veit kva som skjer framover.

(Artikkelen held fram under videoen)

Sjå bakom-filmen til musikkvideoen til Madcon. Foto: Volle Motions

VIDEO: Sjå bakom-filmen til musikkvideoen til Madcon. Foto: Volle Motions

– Indremedisinsk effekt

Førde seier dei har merka ei positiv trend og at bygder som Davik og Ålfoten har merka at fleire har kome til.

– Det verkar som at når nokre i ein vennegjeng flyttar heim, så smittar det over på andre. No gler eg meg til neste måling frå Statistisk sentralbyrå, eg trur den er positiv for Bremanger kommune.

Ordføraren seier det har vore viktig å vere med på videoprosjektet og at dei har fått sett Bremanger på kartet.

– Videoen vil ha ein flott marknadsføring-effekt utad, men minst like viktig er ein indremedisinske effekt innad i kommunen. Det er god stemning i byga og folk har vore veldig gira på å vere med.

Viktig del av omdømmeprosjektet

Kommunen har brukt 200.000 kroner på videoen og Førde tykkjer det er verdt kvar einaste krone. Bremanger har i lang tid vore kjent som ein Terra-kommune, etter at dei tapte mykje pengar på aksje-spekulasjonar.

– Videoen er ein viktig del av omdømmeprosjektet som blei sett i gang for to år sidan. Vi ville ta oss råd til dette sjølv om vi er ein Terra-kommune. Kommunen har teke tak, og vist at sjølv om vi er fattige, kan vi levere god tenester. Eg ser ein positivitet i kommunen no for tida, seier ordføraren.

Skal ut til heile verda

Svein Arild Vatsø

HAR TEKE LANG TID: Produsent Svein Arild Vatsø håper videoen snart blir sleppt for folk fleste.

Foto: David Zadig

Det er altså to år sidan videoen blei spelt inn og Bremanger-ordføraren er samd i at det er har teke lang tid å få den ut.

Produsent Svein Arild Vatsø seier det var ein omfattande video å lage og at det er brukt mykje tid å spesielle effektar.

Den offisielle reiseportalen Visit Norway har no overteke videoen og sjølv om det var lanseringsfest i går, er det enno ikkje klart når dei skal sleppe den på si nettside.

Vatsø seier at videoen som har kosta 700.000 kroner, skal brukast av Visit Norway som eit postkort frå Norge.

Har fått stor merksemd

Dei som var på festen i går fekk også sjå ein bakom-film frå innspelinga. 16 timar opptak har blitt klipt ned til tre minutt. Dette materialet får Bremanger bruke til marknadsføring.

Fleire filmteam har vore i Bremanger i ettertid og også NRK Sommeråpent var innom på turneen sin i sommar. Dette har betydd mykje, meiner ordføraren.

– Vi har fått stor merksemd og dette har stor marknadsføringverdi. Laurdag kveld var det fleire som kontakta meg og ville høyre om omdømme-prosjektet vårt. No er eg booka til fleire kommunar som vil ta dette med seg til sine kommunar.

Frå innspelinga av Madcon-videoen i Bremanger

SPELTE INN VIDEO: Frå innspelinga av Madcon-videoen i Bremanger

Foto: Volle Motions