Hopp til innhold

Følg cupkampane live på NRK.no

Onsdag kveld er det klart for tredje runde i cupen, og det er knytt stor spenning til kva eit ungt Florø-lag kan få til mot tittelforsvarar Molde. Du kan følgje heile kampen direkte i nett-TV her på NRK.no.

Kampen starter 18.00.

FØLG KAMPEN I NETT-TV: NRK.no sender kampen mellom Florø og Molde direkte i nett-TV frå klokka 18 onsdag kveld.

I sist runde viste Florø at dei veit å sparke frå seg. Faktisk bokstavleg talt, for etter 5–1 sigeren over Hødd på bortebane var det mange som let seg imponere.

No er spørsmålet om det unge laget frå kystbyen kan vise liknande takter når tek i mot nok eit lag frå nabofylket i nord.

Klokka 18 onsdag kveld er det nemleg serieleiar Molde som kjem til Florø. Ein optimistisk Florø-trenar Terje Rognsø seier til Romsdals Budstikke at han trur det er mogleg å vinne mot gjestane frå Molde.

Han er samtidig budd på at det er eit godt førebudd lag som kjem til Florø Stadion.

– Eg reknar med vi møter eit skjerpa lag, seier han til Rbnett.no.

Sogndal tek imot Strømmen

Også Sogndal greidde ta seg vidare i cupen, etter 0–2 siger mot Åsane i andre runde.

Trenar Jonas Olsson var etter kampen klar på at dei måtte prestere langt sterkare om dei skal få vere med vidare.

På Fosshaugane stadion møter dei klokka 18 i morgon Strømmen, og også den kampen kan du sjå direkte i nett-TV her på NRK.no.

Kampen starter 18.00.

FØLG KAMPEN I NETT-TV: NRK.no sender kampen mellom Sogndal og Strømmen direkte i nett-TV frå klokka 18 onsdag kveld.