NetCom-kundar på heile Vestlandet opplevde måndag problem med å kome i kontakt med naudetatane. Det skal også ha vore eit problem på Sørlandet.
Like før klokka 11 måndag føremiddag melder NetCom at dei har fått kontroll på problema.
– På grunn av fiberbrot hos Telenor har enkelte av våre kundar opplevd problem med å ringe fastnummer, spesialnummer og naudnummer.
– Etter at vi har omdirigert trafikken fungerer dette no som normalt for våre kundar på Sørlandet og Vestlandet. Vi beklagar dei ulempene dette har medført for våre kundar, skriv NetCom i ein e-post.
Problem over store område
I Sogn og Fjordane fekk NRK tidleg måndag morgon stadfesta at både brannvesen, helsevesen og politi opplevde at folk med NetCom-abonnement ikkje kom gjennom til dei.
Også i Helse Bergen opplyste dei at teknisk feil gjorde det vanskeleg for NetCom-kundar å kome i kontakt med naudnummeret 113.
I Rogaland melde både Helse Fonna, Stavanger universitetssjukehus og Rogaland politidistrikt om dei same problema.
– Vi er opplyst at NetCom-kundar ikkje oppnår kontakt til naudsentralane grunna teknisk feil, skreiv Rogaland-politiet på Twitter tidlegare måndag føremiddag.
– Dette er alvorleg
Ifølgje operasjonsleiar Olaug Holme ved Sogn og Fjordane politidistrikt skal problema berre gjelde Netcom-kundar.
– Dei kjem ikkje gjennom på 110, 112 og 113, altså nummera til brann, politi og helse, seier Holme til NRK.no like før klokka 09.
Folk som trengde kome i kontakt med politiet i Sogn og Fjordane vart bedne om å ringe 02800. Holme opplyste at politiet også kan setje folk vidare til brannvesen og helse ved behov.
– Dette er alvorleg om folk er i naud, sa Holme om situasjonen.
Fleire alternativ
Også hos AMK ved Førde sentralsjukehus stadfesta dei problema måndag morgon.
– Kundar med NetCom-abonnement når ikkje oss via telefonnummeret 113, sa Kristian Bø ved Akuttmedisinsk kommunikasjonssentral ved sjukehuset.
Han bad folk finne andre løysingar om dei treng kome i kontakt med AMK.
Dette kan vere å ringe via sentralbordet til Helse Førde, på telefon 57 83 90 00, låne ein telefon med Telenor-abonnement eller ringe frå fasttelefon.
Om dei ikkje fekk kontakt i det heile vart folk bedne om å møte opp på næraste legekontor.
Helse Bergen bad på sine nettsider folk om å ringe frå fasttelefon eller låne ein mobiltelefon med anna operatør.
Har løyst problemet
Ein annan moglegheit skal vere å ta ut SIM-kortet av telefonen, for så å ringe 112, og eventuelt bli sett over til AMK eller brannvesen.
Kommunikasjonsdirektør Severin Roald i NetCom opplyste like før klokka 09.30 til NRK.no at enkelte av deira kundar kunne oppleve problem med å ringe spesialnummer.
Han kunne då ikkje seie meir om kvar feilen låg, eller kva område som er råka.
Like før klokka 11 får NRK.no opplyst at feilen er funnen.
– Vi beklagar på det sterkaste dei ulempene dette har medført. Alt tyder på at ting skal fungere som normalt no, seier Roald til NRK.no.
Han seier NetCom no jobbar for å finne ut meir om kva som gjekk gale.