Hopp til innhold

– Det går ein liten faen i deg

Even Hovland slit med svært lite speletid i FC Nürnberg, samstundes som laget vinn. Det gjer landslagsplassen usikker, men Hovland vil ikkje snakke om klubbskifte.

Hovland takkar bortefansen for kampen

TAKKAR FOR KAMPEN: Even Hovland takkar bortefansen for støtta etter playoff-kampen mot Ungarn, der Norge missa i forsøket på å kvalifisere seg til EM neste sommar.

Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix

Hovland har spelt under ein halvtime, fordelt på to innbyte, på dei åtte siste kampane til FC Nürnberg i 2. Bundesliga. Han har ikkje starta ein seriekamp sidan 17. oktober.

Etter han vart vraka starta laget med tre uavgjorte. Men dei har no vunne sine fem siste seriekampar, og ligg på tredjeplassen som gir rett til ein kvalifiseringskamp om opprykk til Bundesliga. Det gjer at Hovland slit med motstridande kjensler.

– Sjølvsagt er det bra at laget gjer det bra, men eg vil ikkje sitte på benken. Eg vil spele fotball. Det går ein liten faen i deg. Eg veit eg berre må trene endå meir for å få moglegheita tilbake, seier ein bestemt vaiming.

Vurderer ikkje klubbskifte no

Hovland har spelt seg til fast plass på landslaget, og har tidvis imponert stort saman med midtstopparmakker Vegard Forren. Det er ein plass han ikkje har lyst å gje frå seg. Men han vedgår at speletid for klubblaget er avgjerande.

– Spelar du ikkje fast og kontinuerleg er du sannsynlegvis ikkje i form til å spele landskampar heller. Det er ein risiko. Eg kjempar for å starte når sesongen startar att, så eg tenkjer ikkje på dette no.

Even Hovland og Vegard Forren

VIL STÅ SLIK IGJEN: Even Hovland og Vegard Forren danna eit solid midtstopparpar i mange kampar i sommar og haust.

Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix

Av same grunn vil Hovland ikkje tenke på, eller snakke om, klubbskifte. Han vil heller bruke vinterpausen og treninga til å vere i startoppstillinga til neste seriekamp 6. februar.

– Det er alle moglegheiter for å kome seg inn på laget. No skal eg leggje ned ein god innsats, så får vi sjå når det lir på endå lenger. Av og til må du sitte på benken litt, men då er det berre å brette opp ermene og overtyde trenaren om at du fortener ein plass på laget. Det einaste eg kan gjere er å gje alt og litt til.

Fekk speletid i cupen

Hovland fortel at han mista plassen etter han var sjuk ein kamp. Han forstår at trenaren ikkje vil endre på laget som no har vunne mange kampar på rad, men vil likevel gjere alt for å vinne plassen tilbake.

Ein sjanse fekk han i cupkampen mot Hertha Berlin for ei veke sidan. Hovland starta mot laget som ligg på tredjeplass i Bundesliga, og er nøgd med eigen innsats, trass tap 2–0.

– Hertha Berlin vart eit hakk for store for oss. Vi måtte hatt ein maksdag for å ha vunne der. Men vi stod godt i mot defensivt. Dei hadde ein sjanse i første omgang og scora på ein corner i andre omgang, seier midtstopparen frå Vadheim i Sogn.