Hopp til innhold

Ny rapport: Ferjefri E39 kan utarme Sandane lufthamn

Ferjefri E39 vil føre til så mykje trafikklekkasje til andre flyplassar at flyplassen på Anda kan stå i fare for å bli nedlagt. Det kjem fram i ein ny forskingsrapport.

Sandane lufthamn Anda

KAN RYKE MED: Sandane lufthamn Anda kan få så få passasjerar i framtida at den kan ryke med, trur forskarane.

Foto: Eva Marie Felde / NRK

Det er i ein ny forskingsrapport frå Møreforsking og Transportøkonomisk institutt at framtida til flyplassen i Gloppen ser svært så dyster ut.

Av rapporten kjem det fram at ferjefri E39 langs kysten vil kunne utarme og tappe Sandane lufthamn for passasjerar.

Forskar Eivind Tveten ved Møreforsking seier mange vil velje flyplassen Ørsta/Volda framfor Anda i framtida.

– Eksistensen til sambandet kan bli påverka sidan marknaden allereie i dag er noko tynn. Etterspurnaden kan kome under kritisk masse for at flyplassen kan oppretthaldast, seier han.

Med andre ord: Sandane lufthamn Anda kan ryke med.

Ligg dårleg an

Forskarar frå Møreforsking og Transportøkonomisk institutt har sett på konsekvensane for luftfarten om E39 blir ferjefri.

Rapporten viser at fleire flyplassar kan bli råka av utbygginga, og av dei lokale flyplassane er det spesielt Sandane lufthamn som ligg dårleg an.

I rapporten skriv forskarane:

«En ferjefri E39 vil kunne påvirke SDNs eksistens. Det vil fortsatt være over en time kjøretid langs veg fra til HOV og FDE. Noe overført trafikk kan tenkes, som kan sette avgangene mot OSL under press. I et så vidt tynt marked så kan dette gjøre at etterspørselen kommer under «kritisk masse» for at lufthavnen kan opprettholdes.

Hvorvidt en slik avskalling faktisk skjer, vil også vere avhengig av meir politiske forhold knyttet til at ruter drives under Forpliktelse til offentlig tjenesteyting (FOT) kan bli opprettholdt selv i tynne markeder. En samfunnsøkonomisk vurdering bør foreligge som grunnlag for en eventuell beslutning om nedleggelse.»

Trur folk vel Ørsta/Volda i staden

Forskar Eivind Tveter er klar på at Sandane vil miste passasjerar til sin naboflyplass i Ørsta/Volda.

– Det kan bli ein auka lekkasje mot Hovden flyplass på grunn av kortare reisetid mellom Sandane og Hovden, seier han.

Forskarane meiner 27 prosent av passasjerlekkasjen vil gå nordover til Hovden. I sin rapport legg dei til grunn at reisetida mellom Sandane og Hovden blir ein time og fem minutt, eller ein time og femten minutt, alt etter kva trase som blir valt.

Men ut frå Vegvesenet sine utrekningar vil reisetida mellom Sandane lufthamn og Ørsta/Volda bli 35 minutt ved val av midtre trase.

– Ikkje aktuelt i Sogn og Fjordane

At flyplassar kan kome til å ryke om E39 blir ferjefri er noko fleire har sagt lenge.

Seinast berre nokre veker sidan sa statssekretær John-Ragnar Aarset (H) at ein må vere open for å leggje ned flyplassar i område der det kjem betre vegar.

Han avviste samtidig at flyplassane i Sogn og Fjordane er truga nett no.

– Dette er ikkje ei aktuell sak her i Sogn og Fjordane. Men vi har ei formulering i regjeringserklæringa som seier at ein skal vurdere færre og større flyplassar der det er hensiktsmessig, sa Aarset til NRK.no tidleg i mars.

(Artikkelen held fram under biletet)

Anders Ryssdal

VIL HA ANDA: Anders Ryssdal har for lengst sett seg lei diskusjonen om at flyplassen i Gloppen kan leggjast ned.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Meiner flyplassen treng hjelp for å overleve

Men forskaren som har sett nærare på kva konsekvensar E39 vil ha for flyplassane meiner Sandane lufthamn vil trenge hjelp for å overleve.

– Ein må kanskje setje inn ekstra tiltak for at det skal vere marknad for ein så liten flyplass når ein får ein så utbetra infrastruktur på veg, seier Eivind Tveten.

– Kva tiltak kan det vere?

– Auka tilskot til flyplassen.

Forskaren understrekar samtidig at dei berre har sett på nedgangen i talet passasjerar, og understrekar at det bør ligge ei full samfunnsøkonomisk vurdering til grunn for ei eventuell avgjerd om nedlegging.

– Hol i hovudet

Ordførar Anders Ryssdal (Sp) i Gloppen har måtte tole mykje snakk om at flyplassen i kommunen kan bli lagt ned. Han meiner det er hol i hovudet at dette kan bli vurdert.

– Trafikken stangar i taket når det gjeld Hovden, og det kan ein regulere med å kjøpe inn fleire ruter.

– Rutetabellen til og frå Sandane er i dag omtrent slik den var i 1975, og det er det beste beviset på at det må fleire ruter inn, seier han.