Hopp til innhold

Sjå kor mykje raskare det går

– Samfunnet sløsar vekk tid ved å ikkje læra barna touchmetoden, ifølgje forskar. Her kan du sjå kor mykje tid ein faktisk sparar ved å skriva med touch.

– Samfunnet sløsar vekk tid ved å ikkje læra barna touchmetoden, ifølgje forskar. Her kan du sjå kor mykje tid ein faktisk sparar ved å skriva med touch.

►SJÅ VIDEO: Her skriv Tore Bjørn Hatleskog den same teksten på hundre ord med dei to ulike skrivemåtane. Sjå kven som stikk av med sigeren.

Dersom me skal vera eit effektivt samfunn i 2013 må alle læra seg å skriva raskt på datatastaturet, og denne opplæringa bør byrja allereie i første klasse.

Arne Trageton

Arne Trageton, som er førsteamanuensis i pedagogikk, meiner barn bør få obligatorisk opplæring i touchmetoden når dei er sju år gamle.

Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK

Dette var bodskapen til førsteamanuensis i pedagogikk Arne Trageton, då han uttala seg i nyheitene i dag.

Test på hundre ord

Trageton meiner at samfunnet tapar både tid og pengar på at ein brukar «leit, finn og trykk»-metoden på tastaturet.

Utdanningsforbundet meiner det er ei overdriving og ser ikkje på det som særs viktig at lærarar kan touchmetoden sjølv, eller lærar den vekk.

For å finna ut kor mykje tid ein faktisk sparar med touch bad NRK.no Tore Bjørn Hatleskog ved Universitetet i Stavanger om å skriva ein tekst på hundre ord to gonger. Først med touch, deretter med peikefingrane.

  • Sjå korleis forsøket gjekk i videoen øvst i artikkelen.

Hatleskog har brukt touch sidan han lærte det i den vidaregåande skulen, og brukar det kvar dag i jobben sin, som HR-rådgjevar ved UiS.

– Eg sparar mykje tid

– Er du samd i at store samfunnsressursar blir kasta vekk ved å bruka peikefingrane?

– Eg skal vera forsiktig med å uttala meg om nett det, men i min jobb er det klart at eg sparar svært mykje tid på å skriva med touchmetoden, seier han før han sett i gang med å skriva.

Resultatet blei 5 min og 47 sek med peikefingrane, og 2 min og 37 sek med touchmetoden.

– Gløymer lesebretta

Arne Olav Nygard

Arne Olav Nygard Universitetslektor og jobbe på lesesenteret ved universitetet.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Dermed er konklusjonen at det vil bli meir tid til andre ting, dersom alle lærar seg å skriva med touch. Eller er det så enkelt?

Arnt Olav Nygard jobbar på UiS sitt lesesenter, han seier at Trageton gløymer ein viktig ting, når han uttalar seg om at barn må læra touch.

– Ein bør tenka på at meir og meir av skrivinga til dømes skjer på lesebrett. På lesebrett er touch ubrukeleg, ein kan ikkje lena fingrane på bokstavar ein ikkje brukar, seier han.

Nygard vil ikkje spå korleis framtida blir, men trur at det stadig vil skje ei utvikling, og utelukkar ikkje at tastaturet slik me kjennar det i dag kan forsvinna om nokre år.

Likevel trur han ikkje at nokon har vondt av å læra seg touch, og sjølv seier han at det er det luraste han sjølv gjorde før han skulle byrja å studera.

– Reint studieteknisk hadde eg stor bruk for touchmetoden, seier han.

Flere nyheter fra Rogaland