Hopp til innhold

Rogalendingane dominerte på Slottsplassen

Rogaland sine ferske statsrådar ber rogalendingane ikkje ha for store forventningar. – Me skal vera ministrar for heile landet, påpeikar Solveig Horne.

Fire av de 18 statsrådene i Solberg-regjeringen er fra Rogaland.

VIDEO: Bent Høie, Solveig Horne, Thorhild Widvey og Ketil Solvik-Olsen er dei fire Rogalandsministrene på Stortinget.

Solvik Olsen og Horne

Ketil Solvik-Olsen (Frp) blir nye samferdsleminister og Solveig Horne (Frp) blir ny Barne, likestillings og inkluderingsminister.

Foto: Mathias Oppedal

Erna Solberg har fylt opp regjeringa med sju statsrådar frå Vestlandet. Fire av desse er frå Rogaland.

Blant dei Solberg presenterte i vandrehallen på Stortinget i dag var Ketil Solvik-Olsen. Han blir landets nye samferdsleminister.

– Kva tenker du om at det blir fire statsrådar frå Rogaland?

– Det burde vore fire lag i eliteserien frå Rogaland også. Det arbeider me med, spøker brynebuen, som nok siktar til at han helst skulle sett at Bryne FK spelte i den øvste divisjonen i landet.

Solveig Horne blir Barne, likestillings og inkluderingsministe

Solveig Horne blir Barne, likestillings og inkluderingsminister

– Ministrar for heile landet

Solvik-Olsen synst det er bra at Erna Solberg har plukka statsrådar frå heile landet og ikkje berre «Oslomarka», som han sjølv uttrykkjer det.

– Dette er kjempesvært, seier den ferske statsråden til NRK.no.

Solberg presenterer regjeringen

Statsminister Erna Solberg presenterte regjeringa i dag.

Foto: Grøtt, Vegard / NTB scanpix

Solveig Horne frå Haugesund blir ny Barne, likestillings og inkluderingsminister. Ho dyssar ned betydninga det er for Rogaland å ha fire statsrådar.

– Me skal vera ministrar for heile landet. Men det er klart at me som rogalendingar er stolte av at me har dyktige folk som kan fylla desse posisjonane.

Statsminister Erna Solberg sa dette om mannskapet ho presenterte i dag.

– Eg trur dette blir ei styringsdyktig og god regjering med kunnskapsrike politikarar som har erfaring frå både storting og regjering. Eg ser fram til fire vellykka år, sa ein sikker og høgtideleg statsminister Solberg.