Påskeopprøret i 1958
Dei hadde nok ikkje sett føre seg eit bakhaldsangrep på den norske utanrikspolitikken, regjeringsmedlemmene og Ap-leiinga, då dei tok påskeferie påska 1958. Men Sosialistisk Studentlag såg sitt snitt til å opponere.
Publisert 12.04.2004 14:55. Oppdatert 12.04.2004 15:54.
- Skriv ut
Fleirtal for resolusjon
Det var på bakgrunn av USA sitt tilbod til NATO-landa om atomvåpen, at Sosialistisk Studentlag, eit lag av AUF, såg det som naturleg å reagere. Difor sette dei seg ned og skreiv ein resolusjon med krav om norsk veto i NATO mot at Vest-Tyskland skulle få slike atomvåpen.
Berge Furre - (NTB-foto: Helge Hansen)- For å gje dette her ei viss tyngde, så tok vi kontakt med nokre stortingsrepresentantar i Arbeidarpartiet på venstresida, som vi rekna med ville støtte dette, fortel Berge Furre, ein av hovudmennene i Sosialistisk Studentlag på denne tida.
Saman med Kåre Sollund ringte Furre rundt til ulike representantar som var spreidde for alle vindar på påskeferie. Snart hadde eit fleirtal av Stortingsgruppa skrive under på resolusjonen, og lista vart offentleggjort - midt i påskeferien.
- Ikkje med vilje
Det har blitt spekulert i kor stor grad Sosialistisk Studentlag med vilje la det såkalla «Påskeopprøret» til påska, då parti-apparatet til Arbeidarpartiet meir eller mindre var lamma grunna ferien. Furre seier at dei helst ville ha unngått påska.
- Jau, det var jo fordi det byrja å gå rykter om at Arbeidarparti-apparatet var i sving for å få stortingsrepresentantane til å trekke underskriftene, og då gjaldt det å få dette ut i ein fart, forklarar Furre.
Vesentlege verknader
Partileiinga var ikkje blide på det studentane hadde stelt i stand. Nei, dette gjekk på tvers av all god partiorden. Arbeidarpartiet på 50-talet var nemleg prega av disiplin og orden i rekkene, og eit opprør innad i partiet mot utanrikspolitikken, kunne ein ikkje ha noko av. Difor vart det laga eit vedtak som gjorde det mogleg for representantane å trekke underskriftene sine, noko alle gjorde bortsett frå èin. Men Furre meiner likevel at «Påskeopprøret» ikkje var bortkasta.
- Eg trur nok at «Påskeopprøret» fekk vesentlege verknader, for her vart det klart for alle at her var det usemje, og grunn til å diskutere kva linje Noreg skulle følgje i den kalde krigen, seier han.
Dessutan ser han ei klar linje frå «Påskeopprøret» og prosessen fram til danninga av Sosialistisk Folkeparti (seinare SV) i 1961.
For å høyre Berge Furre fortelje om «Påskeopprøret», kan du klikke på linken i medieboksen over.
Norgesglasset NRK P1 09.04.2004
Lyd og video
20 siste Norgesglasset
- Mette Marit mer pop enn Angelina
- Samsaya og kjæresten lager låt
- Målløse D.D.E.-fans får egen låt
- Nå blir det Postkort-konsert
- – Jeg er en lat musiker
- Lite vasking gjør oss usosiale
- Sover i bilen i landet rundt
- – Inspirasjon er for amatører
- Ny Kråkesølv-låt kom med flaskepost
- Jørn frelser deg i Himmelekspressen
- Tror folk gir blaffen i issmelting
- Kornets historie
- Tuja-konkurranse
- Vinteridrettene som døde
- Fyrer du svart eller hvitt?
- Dette ordet skriv vi feil
- - Ikke kjøp for mye mat til jul!
- Handleliste for julegodterier
- Handleliste for diverse tørrvarer
- Handleliste for frukt og grønt
Tilbake til 60-tallet
Her finner du alt fra serien Tilbake til 60-tallet, inkludert bonusmateriale og arkivstoff.
20 siste Norgesglasset
- Mette Marit mer pop enn Angelina
- Samsaya og kjæresten lager låt
- Målløse D.D.E.-fans får egen låt
- Nå blir det Postkort-konsert
- – Jeg er en lat musiker
- Lite vasking gjør oss usosiale
- Sover i bilen i landet rundt
- – Inspirasjon er for amatører
- Ny Kråkesølv-låt kom med flaskepost
- Jørn frelser deg i Himmelekspressen
- Tror folk gir blaffen i issmelting
- Kornets historie
- Tuja-konkurranse
- Vinteridrettene som døde
- Fyrer du svart eller hvitt?
- Dette ordet skriv vi feil
- - Ikke kjøp for mye mat til jul!
- Handleliste for julegodterier
- Handleliste for diverse tørrvarer
- Handleliste for frukt og grønt









