Hopp til innhold

Feira terrorsamarbeid i Somalia

Den islamistiske Al Shabab-geriljaen feira over heile Somalia i dag at dei er tekne opp som fullverdige medlemer i terrornettverket Al Qaida.

Al Shabab-militsen feirar at dei no er ein del av Al Qaida.

Maskerte Al Shabab-krigarar feira at dei no er ein offisiell del av Al Qaida-nettverket i fleire byar i Somalia i dag.

Foto: STR / Ap

Al Shabab-krigarar i byen Afgoe i Somalia.

Al Shabab-krigarane var tydeleg stolte av å vere ein del av Al Qaida-nettverket.

Foto: Mohamed Abdiwahab / Afp

Sjølv om Al Shabab-militsen har trekt seg ut av hovudstaden Mogadishu, er dei framleis nærverande lilke utanfor storbyen, slik som i Afgoye. Militsen har hatt kontrollen i denne byen i fleire månader, men det er uklart kor sterk støtte dei har blant innbyggjarane.

Ekspertar har uttrykt frykt for auka valdsbruk etter at alliansen mellom dei to gruppene vart kjend.

– Ordre om å delta

I dag samla rundt 600 menneske seg i byen for å feire at mannen som tok over som Al Qaida-leiar etter Osama bin Laden, den egyptiske augelegen Ayman al-Zawahiri, i ein video på Internett sist veke proklamerte at Al Shabab no er ein del av Al Qaida-nettverket .

Folkemengda, både væpna krigarar og sivile, bar plakatar med støtte til samanslutninga med Al Qaida-nettverket, medan dei ropte «Allahu Akbar», «Allah er stor».

Al Shabab i Afgoe i Somalia.

Den islamistiske militsen Al Shabab viste seg fram for innbyggjarane i Afgoye i Somalia i dag.

Foto: Mohamed Abdiwahab / Afp

Mohamed Sufi, ein av innbyggjarane i byen, seier til det franske nyheitsbyrået AFP at alle butikkar i byen vart stengde, etter at Al Shabab-krigarar køyrde rundt i byen og over høgtalarar gav folk ordre om å delta i feiringa.

LES OGSÅ: Selvmordsaksjon i Mogadishu

LES OGSÅ: Venter det store smellet i Kenya

– Øydeleggjande for fienden

Shabab-talsmannen Ali Mohamud Rage sa i talen sin i Afgoye at han kunne garantere at samanslutninga mellom Al Qaida og Al Shabab kjem til å vere øydeleggjande for fienden.

– Heilage krigarar over heile verda! Eg lovar dykk at samanslåinga er eit teikn på at det islamske kalifatet er på veg tilbake over alt, sa Rage i talen sin.

Og han heldt fram:

Soldatar frå Den afrikanske union i Mogadishu.

Soldatar frå Den afrikanske union i den somaliske hovudstaden Mogadishu.

Foto: HANDOUT / Reuters

– Ayman al-Zawahiri har regionale leiarar i Irak, Afghanistan og no også Sahara sør for Sahara. Dette vil styrkje samarbeidet mellom alle heilage krigarar.

Det var også liknande demonstrasjonar i fleire byar i områda Al Shabab kontrollerer i det sørlege og sentrale Somalia, blant anna i hamnebyen Merka. Den somaliske hæren seier dei har sett styrkane sine i høgste beredskap for å stå mot dei to terrororganisasjonane.

LES OGSÅ: USA-soldat ville hjelpe Al Shabab

LES OGSÅ: – Minst 60 opprørere drept i Somalia

Utanlandske soldatar

Den islamistiske militsen opplever også stadig sterkare press frå utanlandske styrkar, kenyanske soldatar sør i landet, etiopiske i sør og vest og 10.000 soldatar frå Den afrikanske union (AU), som er i hovudstaden Mogadishu.

Ein talsmann for det kenyanske forsvaret, major Ememanuel Chirchir, seier i ein kommentar at folk vart tvungne til å delta i støttedemonstrasjonane for koalisjonen mellom Al Qaida og Al Shabab.

Det er uklart kor mange mann Al Shabab-militsen har under våpen i Somalia, men det er snakk om fleire tusen, og det er også utlendingar blant dei. I november i fjor kunne NRK melde at 10 nordmenn var i Al Shabab si teneste i Somalia. Det er snakk om norske statsborgarar med somalisk bakgrunn.

Lokale kvinner ser på Al Shabab-militsen feire i Afgoe.

Dei lokale innbyggjarane skal ha blitt utkommanderte for å vere med på feiringa av at Al Shabab-militsen har blitt ein del av Al Qaida-nettverket.

Foto: Mohamed Abdiwahab / Afp

LES OGSÅ: Terrormilits satser på Twitter

LES OGSÅ: Dystre utsikter for Afrikas Horn

LES OGSÅ: Somaliske islamister stormet hjelpeorganisasjoner

SISTE NYTT

Siste meldinger