Gaddafi endrar planen om å knuse all motstand frå opprørarane, som han lovde tidlegare torsdag kveld.
Ein av sønene til Gaddafi ringte til CNN for å meddele endringa, ifølgje CNN-reportar Nic Robertson.
– Eg mottok nettopp ein telefonsamtale frå Saif, ein av sønene til Gaddafi. Dette er beskjeden han gav meg frå den libyske leiinga, seier reportaren frå Tripoli.
– Han sa at dei skulle endre taktikken rundt Benghazi, og at hæren ikkje skal gå inn der. Hæren vil heller gå i posisjon rundt byen, seier han.
Meldinga kjem like etter at Tryggingsrådet i FN har stemt for ein resolusjon som
. Franske diplomatar har sagt at eit angrep kan starte på kort tid. Ifølgje Saif al-Islam har dette ikkje noko med taktikk-endringa å gjere.– Grunnen han gav var at dei venta ei humanitær folkevandring. Dei venta at folk skulle vere redde for det som var på veg, og at hæren no er der for å hjelpe dei å komme seg ut, forklarar CNN-reportaren.
- Les:
Han seier også at han fekk denne beskjeden kort tid før Tryggingsrådet stemte over resolusjonen.
Gaddafi lovde tidlegare torsdag kveld at han ikkje ville vise nåde med opprørarane i Benghazi. Han sa då til troppane sine at «Vi skal jage desse svikarane ut av Benghazi. Øydelegg fortet deira. Vis inga nåde. Verda må sjå Benghazi bli frigjord.»