Hopp til innhold

Fleire enn 3.000 stadfesta omkomne

Med faren for atomutslepp hengande over seg, leitar japanarane forgjeves etter overlevande i ruinane.

Døde funnet utenfor Otsuchi

Mange døde er funne i eit samanrast bygg utanfor Otsuchi, og mange fleire er venta.

Foto: DAMIR SAGOLJ / Reuters

Dårlige nyheter i Japan

Desse kvinnene i Kesennuma har nettopp fått dårlege nyheiter.

Foto: Ap
En mor stryker håret på sin døde datter

Mor overlevde, men fann dottra omkomen i ein bil.

Foto: Ap

Røde Kors-arbeidaren Patrick Fuller kom til Otsuchi på søndag, ein by med 17.000 innbyggjarar, der 9000 er frykta omkomne.

– Eg trur eg trygt kan seie at dette er den verst råka byen, seier han til nyheitsbyrået Reuters.

Nokre få hus står framleis etter tsunamien, men no leitar redningsarbeidarar forgjeves i ruinane etter overlevande.

– Folk hadde rett og slett ikkje sjans til å evakuere i tide. Dei hadde ein halv time før tsunamien slo inn over byen og alt vart rive ned. Du ser rundt deg, og det er ingenting å sjå, fortel Fuller.

Ventar mange fleire døde

Det er til no stadfesta 3373 omkomne etter jordskjelvet i Japan og tsunamien som råka Japan fredag , men talet er venta å auke kraftig.

Mange av dei døde som er henta ut frå ruinane, er ikkje identifiserte. Fuller fortel at redningsarbeidarane framleis leitar, men at dei ikkje trur at dei kan finne fleire overlevande.

– Det har no gått meir enn fire dagar sidan tsunamien kom. Det er bitande kaldt her. Temperaturen er under frysepunktet og snøen er på veg.

– Eg trur at vi no må konsentrere oss om å finne så mange omkomne som råd, og prøve å identifisere så mange vi kan, seier han.

Redningsarbeidere henter ut en død person

Redningsarbeidarar hentar ut ein død person frå ruinane etter jordskjelvet.

Foto: David Guttenfelder / Ap

Verste sidan 1923

6746 personar er sakna etter jordskjelvet. I tillegg er 1897 stadfesta skadde til no.

Dermed er talet på døde og sakna allereie over 10.000. Det er første gong sidan 1923 at dette talet har kome så høgt, melder nyheitsbyrået Kyodo.

Då øydela eit jordskjelv med styrke 7,9 store deler av Tokyo, hamnebyen Yokohama og fleire andre byar ved stillehavskysten. Minst 37.000 misste livet, men andre kjelder meiner fleire enn 100.000 omkom.

Mange døde i Miyagi

Politisjefen i det hardt råka Miyagi-området sa allereie på søndag at reknar med nesten 10.000 omkomne berre der . Måndag vart 2000 personar funne døde på strendene i Miyagi.

Av 10.000 personar som er sakna i Minamisanriku i Miyagi er 2000 funne i live. Tilsaman 25.000 er henta ut frå jordskjelvområda i live til no.

Fleire enn 500.000 menneske er evakuerte, og 70.000 hus er øydelagde etter katastrofen.

Navneliste over døde etter jordskjelvet

Denne kvinna sjekkar namna til dei døde på eit likhus i Higashimatsushima.

Foto: STR / Afp

SISTE NYTT

Siste nytt