Hopp til innhold

Harde samanstøytar også i Tripoli

Uroa har i kveld spreidd seg til den libyiske hovudstaden Tripoli. BBC melder at politiet skyt mot demonstrantane med skarp ammunisjon.

Muamar Gaddafi har styrt Libya sidan 1969.

Muamar Gadaffi har avvist å gå i dialog med demonstrantane, men no har opprøret spreidd seg også til Tripoli.

Foto: Ap

Hiittil har protesteane vore hardast i Benghazi.

Hittil har protestane vore hardast i Benghazi, der dette biletet er teke.

Foto: Ap

Ifølgje BBC er det i alt fire ulike demonstrasjonar mot Muamar Gaddafis regime i hoveudstaden. Tryggingsstyrkane skal ha brukt skarp ammunisjon og tåregass mot demonstrantane.

LES OGSÅ: - Hæravdeling støttar opprøret

LES OGSÅ: Uroen fortsetter i arabiske land

Harde samanstøytar

Den arabiske fjernsynskanalen Al Jazeera melder i kveld at samanstøytar mellom fleire tusen demonstrantar og Gadaffi-tilhengjarar i Tripoli.

Ein medarbeidar på eit hotell i sentrum av Tripoli seier til nyheitsbyrået Reuters at det er uro i byen seint i kveld.

- Det er uro her, vi har ikkje hatt slik uro tidlegare, seier mannen, som arbeider på eit hotell like ved sentrum av hovudstaden.

Samstundes melder Al Jazeera at ein lokale stammehøvding har trua med å blokkere den libyiske oljeeksporten om ikkje regimet sluttar å slå med på demonstrasjonane i landet.

Dei hardaste samanstøytane har hittil vore i den nest største byen i landet, Benghazi. Der skal over 200 menneske vere drepne dei siste dagane, minst 50 i løpet av dagen i dag.

Offisielle medium i Libya har ikkje nemnt noko om uroa i landet. Fjernsynet har ikkje vist biletet frå samanstøytane, og det er vanskeleg å få ut uavhengig informasjon frår landet.

Verst i Benghazi

Hittil har opprøret mot Gaddafi-regimet vore konsentrert til den nest største byen i landet, Benghazi. Det er også meldt om ein del demonstrasjonar og uro i den tredje største byen i landet, Al-Bayda.

Om no opposisjonen har fått skikkeleg fotfeste også i Tripoli, er situasjonen langt meir alvorleg for Muamar Gaddafi.

Støtte til dikatoren som har styrt Libya i over 40 år, kan vere i ferd med å rakne. Tidlegare i dag gjorde regimet sin faste utsending til Den arabiske liga i Kairo det klart at han sluttar i stillinga si for å slutte seg til revolusjonen.

Situasjonen i Benghazi er kaotisk. Meldingar går ut på at delar av tryggingsstyrkane har gått over på demonstrantane si side, og at dei skal ha nedkjempa den delen av tryggingsstyrkane i byen som er lojale mot Gaddafi. men dette er ikkje stadfesta av uavhengige kjelder.

LES OGSÅ: Tyrkia flyr hundrevis ut av Libya

EU: – Ekstremt bekymra

EUs utenrikssjef Catherine Ashton

EUs utenrikssjef Catherine Ashton likar ikkje rapportane frå Libya om høge dødstal.

Foto: Virginia Mayo / Ap

Utanrikssjef i EU, Catherine Ashton ber libyske styresmakter om straks å stanse valden i landet, og om å starte ein dialog om å få i stand reformar.

– EU er ekstremt bekymra for det som skjer i Libya, seier ho ifølgje nyheitsbyrået Reuters.

Ho nemner spesielt dei høge dødstala som blir rapportert frå dei regimekritiske demonstrantane.

– EU ber styresmaktene om å legge band på seg sjølve, og halde seg rolege. Dei må avstå frå vidare valdsbruk mot dei fredelege demonstrasjonane, seier Ashton under eit møte i Brüssel i dag.

Ifølgje utanrikssjefen står alle dei 27 utanriksministrane i EU-landa bak eit felles krav om at Libya må opne tilgangen til Internett og mobilnettet.

SISTE NYTT

Siste nytt