Hopp til innhold

Tok ut 6 millionar i kontantar

Ein av dei tre som i går blei sikta for terrorplanlegging, er mistenkt for å ha teke ut 6 millionar kroner i kontantar frå eige selskap.

Her var den terrorsiktedes byggefirma registrert

Her var den terrorsikta sitt byggefirma registrert.

Foto: Kjell Herning / NRK

Det skriv VG Nett fredag kveld.

Den terrorsikta usbekaren (31) er mistenkt for å ha teke ut 6 millionar kroner i kontanter frå selskapet Mega Bygg og Maler Service AS.

Pengane skal ha forsvunne i perioden mars 2008 til februar 2009. Det var usbekaren sjølv som dreiv firmaet.

Pengemottakar var 135 år

Då bustyrar i selskapet oppdaga at eit millionbeløp hadde forsvunne frå selskapet sin konto, forklarte han forsvinningsnummeret med kvitteringar for om lag 4,5 millionar kroner til eit målarfirma med namnet «Lavore Malerfirma».

Personen bak det påståtte mottakarfirmaet, er ifølgje norsk folkeregister 135 år gamal. Om dette var tilfellet, ville mannen ha vore den desidert eldste personen i Noreg.

– Ikkje kjend med forsvinninga

Fredrikstad tingrett har konkludert med at kvitteringane ikkje er ekte, og at dei er produserte i etterkant.

Usbekaren sin forsvarar seier til VG at han ikkje er kjend med at det blei teke ut fleire millionar kroner frå selskapet i kontantar.

Sommaren 2009 blei usbekaren sitt firma tvangsoppløyst. Årsaken til tvangsoppløysinga var at selskapet ikkje hadde oppnemnd revisor, slik det er krav om i norsk lov.

Økokrim er kjende med saka.

SISTE NYTT

Siste nytt