Hopp til innhold

– Allereie sårbare grupper er meir utsette for valdtekt

Dei som melder valdtekt er langt oftare utanfor arbeidslivet og har oftare psykiske problem enn befolkninga elles, syner ei undersøking Oslo politidistrikt har gjort.

voldtekt

ILLUSTRASJONSFOTO: Det er skeivheit i tala på kven som melder valdtekt til politiet.

Foto: Laurent Hamels / AltoPress / Maxppp

Ein studie Oslo-politiet gjorde av meldte valdtekter i 2010 synte at vanskelegstilte grupper er overrepresenterte i valdtektsstatistikken.

Nesten 70 prosent var utanfor arbeidslivet. Halvparten var mistenkte eller sikta i straffesaker, 25 prosent sleit med psykiske problem, og 25 prosent hadde blitt valdtekne før.

– Ja, det er ei gruppe i samfunnet vårt som har større sårbarheitsfaktorar for å bli utsette for valdtekt, seier Oddfrid Skorpe Tennfjord, rådgjevar ved Ressurssenter for vald og traumatisk stress.

Oddfrid Skorpe Tennfjord

Oddfrid Skorpe Tennfjord, rådgjevar ved Ressurssenter for vald og traumatisk stress.

Foto: Gro Jørgensen

Tennfjord understrekar at dette er generaliseringar på gruppenivå. På individnivå er det ikkje like lett å få auge på desse faktorane, seier ho.

Vanskeleg tema

Det problematiske ved å snakke om bakgrunnen til valdtekne kvinner er at det kan føre til at dei blir tillagt ansvar for å «passe seg», meiner Tennfjord.

– Samstundes er det viktig for alle som er opptekne av å forebygge valdtekt å vite noko om kvifor valdtekt kan skje. Og at ein er meir sårbar i enkelte delar av livet og i enkelte situasjonar, må me vere klar over, seier ho.

Dette betyr ikkje at me ikkje skal ha fokus på gjerningspersonen og spørsmålet «kvifor har me nokon som valdtek?», understrekar ho.

– Tek ikkje vare på seg sjølv

Karin Sten Madsen

Karin Sten Madsen, sosionom.

Foto: Privat

Internasjonal forsking stadfestar funna til politiet. Ei dansk undersøking synte at kvinnene hadde lågare utdanning og var oftare trygda enn kontrollguppa.

– Er ein sårbar, er ein også ekstra utsett for valdtekt, seier Karin Sten Madsen, som saman med blant andre Rikshospitalet i København gjorde ei omfattande underøking av alle meldte valdtekter mellom 2000 og 2003.

Kvinnene var også sjukare, både fysisk og psykisk.

Talet på kvinner som året før dei meldte ein overfallsvaldtekt var innlagte på sjukehus, var nesten dobbelt så stor som for kontrollgruppa.

– Dei som lever mest utsett, mest på kanten, vil også vere dei som er i miljø der det er mindre respekt for den einskilde og for kvinner, seier Madsen.

– Dei er heller ikkje i stand til å ta vare på seg sjølve. Dei klarar ikkje å sette grenser fordi grensene allereie er forskyvde, seier ho.

(Saka held fram)

Ingrid Blessom

Ingrid Blessom ved resurssenteret Dixi.

Foto: Christine Svendsen / NRK

– Anna bilete om fleire hadde meldt

Ved ressurssenteret for valdtekne, Dixi, trur dei at dei valdtekne hadde likna meir på normalbefolkninga om fleire hadde meldt valdtektene.

– Svært mange av valdtektene blir gjort av nokon jentene kjenner litt, kanskje dei er ein del av ein utvida vennekrets. Det gjer at jentene ofte ikkje vil melde valtekten. Dette kan vere heilt normale jenter som går på til dømes allmennfag, seier Ingrid Blessom.

Hennar inntrykk er at valdtekt rammar veldig breitt, og ho trur tala hadde vore annleis om ein hadde gjennomført ei undersøkjing på skulane, til dømes.

Men om ein snur på det, så kan det hende at valdtektsofra som søkjer støtte hos Dixi heller ikkje er eit representativt utval.

– Det kan hende at dei som kjem til Dixi ikkje er dei som er mest sårbare. Det kan hende det er jenter som er litt ressurssterke som kjem hit, seier Blessom.

– Ikkje legge stein til byrda

– Eg seier ikkje at det ikkje skjer overgrep i høgare sosiale klasser. Men primært må ein seie: Valdtekt er eit kombinert kjønns- og sosialproblem, seier Karin Sten Madsen.

Oddfrid Skorpe Tennfjord meiner forsking som syner at valdtekt rammar skeivt må ha konsekvensar for korleis me forebygger valdtekt.

– Me må la det synke inn at det er nokon i samfunnet vårt som er meir utsette for overgrep enn andre, seier ho.

– Spørsmålet er kva me skal gjere med den kunnskapen. Det må i alle fall ikkje brukast for å leggje stein til byra for dei valdtekne, seier ho.

Poltitiet ville ikkje kommentere sin eigen rapport, eller kva dei eventuellt kunne ha brukt den til.

AKTUELT NÅ