Hopp til innhold

– Regjeringskvartalet var eit legitimt terrormål

Briten Paul Ray, idolet til terrorsikta Anders Behring Breivik, forsvarar delar av terroråtaket 22.juli i eit nytt intervju med svensk fjernsyn.

Video Payl Ray forsvarar terroren mot Regjeringskvartalet

Bombeåtaket mot Regjeringskvartalet i Oslo den 22.juli kan rettferdiggjerast, seier den britiske høgreekstremisten Paul Ray i ein ny SVT-dokumentar.

Åtte personar vart drepne og mange skadde då massedrapsmannen Anders Behring Breivik (32) detonerte ei bilbombe i Regjeringskvartalet i Oslo.

Ein av dei personane som Breivik lét seg inspirera av, den høgreekstremistiske briten Paul Sonato alias «Paul Ray», meiner åtaket på regjeringsbygget «openbart kan forsvarast».

– Dersom nokon skal utføra ei terrorhandling mot styresmaktene, fordi dei er misnøgde med måten dei styrer på, er det forståeleg at dei bombar eit regjeringsbygg, seier han i det svenske dokumentarprogrammet «Uppdrag granskning».

– Eg er ærleg

Dokumentar-teamet har møtt Ray på Malta, der han bur etter å ha vorte arrestert i Storbritannia for sine rasistiske ytringar.

Utsegnet frå Ray vekkjer oppsikt, også fordi han tidlegare har teke avstand frå terrorhandlingane i Noreg den 22.juli.

Du snakkar om ei terrorhandling?

– Eg seier ikkje at det er ein bra ting, men eg er ærleg og meiner at det er eit legitimt mål, svarar Paul Ray til fjernsynsreporteren.

– Det han gjorde etterpå er det ikkje mogleg å forsvara, legg Ray til, og viser til Breiviks massakre av 69 menneske på sommarleiren til AUF på Utøya den 22.juli.

Til avhøyr i Noreg

Ray blei kort tid etter terroren peika ut som Breiviks mentor.

I det såkalla manifestet til Breivik hevdar terroristen at han og Ray saman var med på å skipa til organisasjonen «Knight`s Templar», som i framtida skal ta over makta i Europa, ifølgje manifestet.

Breivik har også hevda at han møtte Ray i London i 2002.

Ray melde seg frivillig til politiet i Noreg og blei følgjeleg henta inn til eit 15 timar langt intervju i midten av august. Han avviste med det same å ha nokon som helst kjennskap til den norske massedrapsmannen.

(Artikkelen held fram under videoen)

Video Avhør av Paul Ray

Paul Ray blei møtt av eit stort pressekorps då han kom til Gardermoen for å forklara seg for norsk politi i samband med terrorsaka.

Einig med Breivik

–Eg har ingenting med Breivik eller hans handlingar å gjera. Eg har aldri møtt han, kjenner han ikkje og visste ikkje kven han var før denne hendinga, uttala Ray til norsk presse då han kom til Noreg.

Ray har derimot sagt at han har dei same politiske synspunkta som Breivik, og har åtvara mot fleire åtak med mindre det skjer drastiske endringar i innvandringspolitikken.

– Det er logisk at det vil skje fleire gonger. Mine tankar er dei same, at at islam trugar livsstilen vår, sa Ray til media i august.

Ray har framleis status som vitne i terrorsaka, men det er ikkje planlagt fleire avhøyr av han, opplyser politiet til NRK torsdag.

Video Paul Ray

Paul Ray fortel om avhøyret med norsk politi.

AKTUELT NÅ