Hopp til innhold

Stoltenberg: – I dag gret rosene

Ho blei kalla «Mor Utøya». I dag var fleire personar samla på Sundvolden hotell for å ta farvel med Monica Elisabeth Bøsei som blei offer for skytinga på øya som ho sette så høgt.

Monica Bøsei

Statsminister Jens Stoltenberg ber kista etter minnestunda fredag under den humanistiske gravferda til Monica Elisabeth Bøsei, eit av ofra i terrorangrepet på Utøya 22. juli.

Foto: Aas, Erlend / Scanpix

To veker etter marerittet utspelte seg Utøya var det i dag minnestund for Monica Elisabeth Bøsei. Ho var ei av 77 personar som blei drepne i terrorangrepa mot Norge.

Bøsei som var busett i Hole blei 45 år. Ho var dagleg leiar for Utøya i 19 år og blei av mange kalla «Mor Utøya». Den 22. juli var ho inne i si siste veke som leiar.

Ein av dei som var til stades for å minnast Bøsei i dag var statsminister Jens Stoltenberg:

– I haust skulle me samlast for å takka Monica for hennar insats på Utøya. Ho skulle få roser og alle vakre ord i verda. I staden er me samla her ved kista. Monica er død, i dag gret rosene, sa ein rørd Jens Stoltenberg.

Minnestund Monica Elisabeth Bøsei

Bøsei som var busett i Hole blei 45 år. Ho var dagleg leiar for Utøya i 19 år og blei av mange kalla «Mor Utøya». Den 22. juli var ho inne i si siste veke som leiar.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Mora dykkar ville vore stolte av dykk

Etter minnestunda sa Stoltenberg til pressa at det paradoksalt nok har kome noko godt ut av terrorangrepa 22. juli, samhald og godheit:

– Måtte dette vera Monicas siste gåve til dykk alle, sa statsministeren i talen.

Stoltenberg har tidlegare denne veka vore i gravferdene til Mona Abdinur (18), Håkon Ødegaard (17) og Simon Sæbø (18) som alle lei same skjebne som Bøsei 22. juli.

Sambuaren og dei to døtrene til Bøsei var også på Utøya under skytinga, dei overlevde. Tidlegare har dottera Helene Bøsei Olsen uttalt at det må visast meir kjærleik og ikkje hat etter hendinga:

– Mora dykkar ville vore stolte av dykk, eg er stolt av dykk, sa Statsministaren til Bøsei sin nærmaste familie.

– Vondt og godt å vera tilbake

Ei anna som haldt tale til minne om «Mor Utøya» var AUF sitt sentralstyremedlem Mari Aaby West. Ho var sjølv ei av dei som klarte å flykta frå øya ved å symja over til fastlandet.

– Utøya er forma som eit hjarte, og Monica du var det hjartet. Utøya vil alltid ha eit hol i hjartet, sa ho.

For å koma til Sundvolden hotell måtte ho køyra forbi Utøya, noko ho gjorde med blanda kjensler.

– På ein måte gjer det vondt å sjå att denne staden, men på ein annan måte er det litt godt også, sa Aaby West.

Mari Aaby West

Mari Aaby West var tilbake på Sundvolden hotell for å minnast 'Mor Utøya'. Sist gong ho var her var etter den grusame hendinga 22. juli.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Redda truleg liv

Bøsei var om bord i båten som frakta Anders Behring Breivik ut til AUF sin sommarleir 22. juli. Der skal ho ha snakka med drapsmannen og diskutert det som hadde skjedd i Oslo.

Ho fatta truleg mistanke til mannen i politiuniform, og gjekk rett opp til hovudhuset og kontakta vakta på Utøya då ho kom til land.

Dette har kanskje ført til at ho redda livet til fleire ungdom på Utøya.

Ei verdig minnestund

Den humanetiske minnestunda blei haldt på Sundvolden hotell som fekk ein sentral rolle etter terrorhandlingane 22. juli.

Sidan hotell ligg like ved Utøya blei det omgjort til eit senter for overlevande og pårørande etter skytinga.

I etterkant har hotellet fått mykje ros for måten dei handsama krisa på. I dag var hotellet ein verdig arena for å visa sorg og for å minnast Monica Elisabeth Bøsei.

Ingrid Olava under minnestund

Ingrid Olava spelte songane «Jag vet en dejlig rosa» og «Bridge Over Troubled Water» for å heidra Bøsei.

Foto: Erlend Aas / SCANPIX

AKTUELT NÅ