Hopp til innhold

Brekk svarar på pelsdyr-spørsmål

Landbruksminister Lars Peder Brekk (Sp) skal i ettermiddag svara i Stortinget på kva som skal til for at statsråden vil gå inn for å avvikla pelsdyrnæringa.

Video Brekk svarer på Pelsdyr-spørsmål

Leiaren i Venstre, Trine Skei Grande meiner det no er klart at pelsdyrnæringa ikkje vil nå målet som Stortinget sette i 2003, om vesentlege avlsmessige forbetringar i løpet av ein tiårsperiode.

– Kva skal til for at landbruksministeren går inn for å avvikla pelsdyrnæring? spør Grande.

Svaret til statråd Brekk kan du sjå direktesendt frå Stortinget frå ca. kl. 14.00 i ettermiddag.

Pels får kald skulder

Kritikken har igjen hagla mot pelsdyrnæringa etter at aktivistar gjorde nye avsløringar om skadde og vanstelte dyr på norske farmar.

Drøyt eitt år etter at landbruksministeren lova å rydda opp i pelsdyrnæringa, blei han på ny vist bilete av skadde og sjuke dyr. Då Mattilsynet få dagar etter avsløringa kom på uanmeldt inspeksjon hjå styreleiaren i Norges Pelsdyralslag, vart det også der funne sjuke, såra og daude mink.

– Når ikkje tiårsmålet

Venstre-leiar Grande viser til Stortingsmelding nr.12 for 2002-2003 om dyrehald og dyrevelferd, der regjeringa utforma følgjande målsettingar og tiltak for pelsdyrnæringa:

  • Styrka velferd for rev og mink ved ei evaluering av eksisterande regelverk med sikte på driftssystem som betre dekkjer dyra sine åtferdsbehov. Nye krav skal realiserast innan 10 år.
  • Avlstiltak og stell av rev må fremja tillitsfulle dyr og unngå defektar.
  • Redusert bruk av tvangsmiddel og spesielle stressituasjonar for rev, forbod mot livdyrutstellingar.
  • Gjera greie for alternative avlivingsmetodar for mink.

I meldinga heiter det at «..dersom det ikke oppnås vesentlige avlsmessige forbedringer i løpet av en tiårsperiode, bør det vurderes å avvikle pelsdyrholdet».

– Ingen politiske partier reserverte seg mot dette, skriv SV-leiaren i sin interpellasjon til statsråd Brekk.

Sp åleine om pelsstøtte

I fjor gav staten meir enn 40 millionar kroner i støtte til pelsdyrnæringa.

Både Venstre og regjeringspartiet SV ønskjer å umiddelbart avvikla heile pelsdyrnæringa. Frp vil ha ei gradvis nedlegging medan Høgre og KrF, som tidlegare har støtta pelsbøndene, seier dei no vurderer å gå inn for å stoppa den statlege støtta.

Arbeidarpartiet har gjeve næringa eit halvt års frist for å rydda opp.

Dermed står Senterpartiet og landbruksminister Brekk att som den einaste klare forsvararen av støtta til pelsdyrnæringa.

Brekk gjev næringa eitt år

Landbruksministeren skreiv nyleg i eit brev til Norges Pelsdyralslag at han ventar at næringa har på plass dei varsla nyordningane innan utgangen av 2011.

Han krevjer rask progresjon med omsyn til avl for temjing og tillit, og ber om snarleg skriftleg orientering og ein framdriftsplan for dette arbeidet.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger