Hopp til innhold

- Byråkratiet på sitt verste

Presseorganisasjonar, juristar og interesseorganisasjonar er sterkt kritisk til at regjeringa ikkje vil utvide innsynsretten i offentlege dokument. - Dette handlar om demokrati og kampen mot korrupsjon, seier Andre Oktay Dahl (H).

Andre Oktay Dahl

- Plikta til å journalføre er sjølve nøkkelen til å kunne finne ut om ting ikkje er som dei skal, seier justispolitisk talsmann i Høgre, Andre Oktay Dahl.

Foto: Morten Holm / Scanpix

Kva skal publikum og presse få innsyn i av avgjerder byråkratane tek på bakrommet?

Det er eit sentralt spørsmål før den nye lova om innsyn i offentleg forvaltning kjem ved nyttår.

- "Javel, statsråd"

Både presseorganisasjonar, juristar og interesseorganisasjonar reagerer på at regjeringa ikkje kjem til å kreve innsyn i interne dokument.

Justispolitisk talsmann i Høgre, Andre Oktay Dal, seier han er sjokkert over at regjeringa vil gå imot Stortingets ønske om innsyn i alle offentlege dokument, interne som eksterne.

- Plikta til å journalføre er sjølve nøkkelen til å kunne finne ut om ting ikkje er som dei skal. Eg er frå Romerike og følger vannverksaken med stor interesse. Dette er typisk "javel, statsråd". Dette er rett og slett byråkratiet på sitt verste, seier han.

- Meir hemmeleghald

Kurt Oddekalv

KRITISK: Kurt Oddekalv, leiar av Norges Miljøvernforbund.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / SCANPIX

Kurt Oddekalv, leiar av Norges Miljøvernforbund seier det sidan 1999 har blitt vanskelegare for han å få innsyn i offentleg forvaltning.

- Heile vår verksemd er bygga på innsyn og openheit. Miljøsaka og dei fleste miljøorganisasjonar i landet bygger sitt arbeid på ein open prosess, seier han.

- Kan føre til korrupsjon

Sidan 1999 har ikkje styresmaktene lenger plikta å journalføre dokument om interne prosessar, berre korrespondansen inn og ut.

Oddekalv er kritisk:

- Resultatet blir korrupsjon om samfunnet ikkje er ope nok sånn at vi får innsyn i dei offentlege prosessane. Mi klare oppfordring til regjeringa er å lytte til det som Stortinget seier, og vise meir openheit. Viss ikkje avgjerdene tåler dagens lys får dei heller la vere å ta dei, seier han.

Oppgitt over regjeringa

Arne Jensen

KRITISK: Assisterande generalsekretær i Norsk Redaktørforening, Arne Jensen.

Foto: Norsk Redaktørforening

Forutan Miljøvernforbundet deltek mellom andre Norsk Journalistlag, Norsk Presseforbund, International Transparancy Norge, samt fleire kjende juristar i oppropet.

 

Initiativtakar, Arne Jensen, er assisterande generalsekretær i Norsk Redaktørforening og oppgitt over regjeringa:

- Ved å unnta store delar av dokumenta frå den offentlege postjournalen, blir dei i realiteten heldt hemmelege. Publikum og presse anar ikkje at desse dokumenta eksisterer. Farene ved dette er at viktige prosesser i forvaltninga kjem skeivt ut, fordi det ikkje er openheit om det, seier han. 

- Ikkje gjennomførbart

Astri Aas-Hansen

AVVISER KRITIKKEN: Statssekretær i justisdepartementet, Astri Aas-Hansen.

Foto: Hansen, Alf Ove / SCANPIX

Statssekretær i justisdepartementet, Astri Aas-Hansen, hevdar Jensen tek feil.

- Den nye lova vil omfatte mange offentlege selskap som ikkje er dekka av lova frå 1970. Men vi ser at det er særs arbeidskrevjande, og neppe gjennomførbart å krevje journalføring av organinterne dokument, seier ho.

- Sjokkerande

Andre Oktay Dahl meiner regjeringa overprøver Stortinget.

- Eg synes det er sjokkerende at ein gir fullstendig blaffen i kva Stortinget har vedteke og forutsett. Eg er glad for at SV også seier at deira eiga regjering fører Stortinget bak lyset. Dette er eit godt eksempel på korleis byråkratiet skjuler seg bak eit politisk fleirtall. Her tildekker ein kanskje bevisst mest mulig. Når Stortinget fattar vedtak skal ikkje regjeringa overprøve det, sier han.

Astri Aas-Hansen er ikkje einig i karakteristikken.

- Stortinget har ikkje pålagt oss dette, dei her bedt oss vurdere det. Vi har kome fram til at vi ikkje skal innføre ein sånn plikt, seier ho.

- Kamp mot korrupsjon

- Vi treng ei politisk leiing som kan skjære gjennom og skjønner at dette handlar om demokrati og kampen mot korrupsjon, og ikkje juridisk flisespikkeri, sier Oktay Dahl, og legg til:

- Eg synes det er trist at regjeringa gjer dette, og forstår godt at Transparency International reagerer.

Kulturstrøm

  • Nye rekordar for Swift

    Aldri før har eit album blitt strøyma så mykje på ei veke som Taylor Swifts «The Tortured Poets Department». Utgjevinga gjekk rett til topps på Billboard-lista.

    Musikkmagasinet sjølv omtaler det som «ein historisk debut på nummer 1».

    Albumet med 16 låtar blei gitt ut 19. april. To timar seinare overraska Swift fansen ved å sleppe 15 låtar til, og kunngjorde at det var eit dobbeltalbum.

    I veka fram til og med 25. april blei det selt 2,61 millionar såkalla albumekvivalentar. Av dette var 1,91 millionar tradisjonelt albumsal, inkludert digitale nedlastingar, CD-ar, kassettar og heile 859.000 vinylplater.

    Dette er det høgaste talet vinylkopiar av eit album som er selt på ei veke i moderne tid, opplyste Billboard.

    (NTB)

    Taylor Swift
  • Britney Spears inngår forlik med faren sin

    Popstjerna har inngått eit forlik med faren sin Jamie Spears, meir enn to år etter at ei rettsavgjerd avslutta verjeordninga som har gitt han kontroll over livet hennar. Det melder CNN.

    Sidan verjeordninga vart avslutta, har Britney Spears og faren vore i retten fleire gonger i samanheng med advokathonorar og skuldingar om upassande oppførsel under verjeordninga. Far hennar har heile tida motsett seg skuldingane.

    Vilkåra for forliket er ikkje offentleggjort, men advokatane til Spears stadfestar forliket til CNN.

    (FILES) US singer Britney Spears arrives for the premiere of Sony Pictures' "Once Upon a Time... ...
    Foto: AFP
  • Girl in Red med historisk milepæl

    Ho er den første norske kvinnelege artisten som har fått éin milliard strøymingar på ein song på strøymetenesta Spotify.

    Det er låten «we fell in love in october» som har bikka éin milliard, ifølgje VG. Låten blei gjeve ut i 2018.

    Marie Ulven Ringheim, som ho eigentleg heiter, seier til avisa at ho synest det er veldig gøy at ei låt som ho har skrive, produsert, miksa og mastra har resonnert så mykje.

    Girl in Red
    Foto: ANNA KURTH / AFP