Hopp til innhold

Kampsong skal redde Aust-Agder

Fylkeskampen hardnar til på Sørlandet. No har aksjonistane skrive eigne kampsongar for å overtyde veljarane.

Video Kampsang mot ett Agder

VIDEO: Sjå nei-gjengen synge om kvifor dei ikkje vil ha samanslåing av Agder-fylka.

Randi Eikeland

SEIER NEI: Randi Eikeland vil ikkje at Aust-Agder og Vest-Agder skal slå seg saman.

Foto: Asbjørn Odd Berge/NRK
Marianne Rodvelt

SEIER JA!: Marianne Rodvelt kjempar for eitt Agder.

Foto: Asbjørn Odd Berge/NRK

– Eg trur det viktigaste er å få folk til å forstå at dei må seie ifrå kva dei vil. Det er ein del som ikkje heilt veit korleis dei skal få stemt. Vi tykkjer det er veldig viktig å bevare Aust-Agder og at ein nyttar stemmeretten sin, seier Randi Eikeland i nei til eitt Agder.

I samband med valet skal det også haldast folkeavstemming i Aust-Agder. Spørsmålet er om innbyggjarane i fylket vil slå seg saman med Vest-Agder. Vest-fylket har allereie sagt ja til å slå seg saman med Aust-Agder.

– Vi er på stand kvar helg og vi har sendt mange mail, skriv i avisa og har informasjonsmateriell klart for å informere best mogeleg, seier ho.

Sterkare saman

Marianne Rodvelt står på motsett side og ynskjer eitt Agder-fylke i framtida.

– Vi køyrer full mobilisering. Vi ser at nei-sida er i føringa førebels, men vi har fått mange tilbakemeldingar frå standane våre denne helga om at folk har snudd etter å ha drøfta argumenta, seier Rodvelt.

Ho meiner at regionen vil stå sterkare ved å slå saman fylka til eitt Agder.

– Agder treng større politiske musklar og gjennomslagskraft nasjonalt. Det har stor betydning for våre liv her på Sørlandet. Det er viktig å få mobilisert interessa for spørsmål om fylkessamanslåing, seier Rodvelt.

Video Kampsang for ett Agder

VIDEO: Sjå video med aksjonsgruppa som kjempar for eitt Agder.

Vil stemme nei

Arendalittane Jan Tore Kårby og Liv Anita Røkke er klare på at dei ikkje vil ha noko av ei fylkessamanslåing.

– Eg tykkjer ikkje at Arendal skal slå seg saman med dei andre fylka i det heile. Eg vil bevare Arendal slik det alltid har vore. Eg kjem til å stemme nei, seier Kårby.

– Eg er einig med han. Eg ville ha sagt nei. Eg hadde ikkje tenkt å stemme, men eg trur eg skal gjere det no, seier Røkke.

– Det er ingen som vil leggje ned Arendal, men vi vil ta vare på moglegheitene vi har. Eitt Agder er den beste moglegheita for det. Då får vi ein balanse mellom Kristiansand og Arendal. Eitt fylkesting vil ha som oppgåve å skape ei balansert utvikling i landsdelen. Slik er det ikkje i dag, seier Rodvelt.

Jan Tore Kårby og Liv Anita Røkke

SKEPTISKE: Jan Tore Kårby og Liv Anita Røkke vil stemme mot ei fylkessamanslåing.

Fryktar Aust-Agder vil tape

Det er ikkje nok til å overtyde Jan Tore Kårby.

– Det vert mykje meir å halde styr på. Dei som skal styre får mykje meir å halde styr på ved ei samanslåing. Då tapar Arendal, fryktar han.

Randi Eikeland i nei-aksjonen deler den bekymringa.

– Eg tykkjer det er ei reell frykt. Vi skal samarbeide og Sørlandet er viktig for oss. Eg har budd både i Vest-Agder og Aust-Agder, men eg er oppteken av at Aust-Agder skal utvikle seg, men eg trur vi kan gjere det minst like godt med to fylke, seier Eikeland.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,7 kr 25 min.
  • Dusje 6,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %