Hopp til innhold

Tidenes verste oljesøl på Sørlandet

Oljesølet etter Godafoss-forliset er tidenes verste langs sørlandskysten. Det er registrert rundt 30 påslagsstader mellom Risør og Mandal.

Oljepåslag etter Godafoss-forliset

PÅSLAG: PÅ kartet ser du kvar det er registrert oljepåslag rundt Kristiansand. Det er her det er registrert flest påslag langs sørlandskysten.

Foto: Kart: Statens Kartverk (Kystverket) Montasje: Sander Heggheim/NRK

Olje fra Godafoss

Olja fra skipet er tjukk og nesten som asfalt.

Foto: Kustbevakningen
Dag Rosseland med oljeskadet fugl

Oljeskada fugl er funnen fleire stader langs kysten.

Foto: Carl Erik Kilander / SNO

– Totalt er det samla opp meir enn dobbelt så mykje olje, som ved Full City-havariet, seier Ove Frigstad som leiar oppryddingsarbeidet langs sørlandskysten til NRK.no.

Dobbelt så store funn

Oljefunna er meir enn dobbelt så store enn etter Full City-ulykka i 2009. Likevel er styresmaktene mindre uroa denne gangen på grunn av oljen sin konsistens.

– Det er ein tung bunkersolje som i utgangspunktet er veldig seig og tjukk, seier Frigstad.

– Det som har komme inn på strendene kan nesten rullast saman som ei pannekake. Den har ein konsistens som ein brød-deig, legg han til.

– Denne er mykje greiare å få opp igjen. Det har noko med konsistensen og årstida å gjere, seier han.

På Sørlandet er det funne fleire skada sjøfuglar som følgje av oljesølet. I Østfold vart fleire fuglar avliva på grunn av at dei var tilgrisa av olje.

Video Dyrt opprydningsarbeid

DYRT: Kostnadene på opprydningsarbeidet etter Godafoss-forliset har allerede rundet 100 millioner kroner. Se video!

Dyr opprydding

Området rundt Moysan i Grimstad er blandt dei hardast råka stadene på Sørlandet. Her er det teke opp sju tonn olje.

Oppsamling av olje ved Ryvingen

Oppsamling av olje ved Ryvingen

Foto: Carl Erik Kilander / SNO

– Det vert fort millionar av det. For Aust-Agder sin del er vi per dags dato oppe i 600 000-700 000 kroner. Eg vil tru at vi passerer millionen berre her. Totalt sett for Godafoss-hendinga har den passert 100 millionar kroner, seier Frigstad.

Oljen har også spreidd seg til Ryvingen i vest. Der vert det brukt 70 000 kroner dagen på å rydde opp.

– Eg håpar vi får vekk alt. Det er grusom at det skal vere slik. Det er ein fin leikeplass for barna til sommaren. Vi må få vekk alt, seier Camilla Kristoffersen.

Gjekk på grunn

Godafoss gjekk på grunn ved Norges einaste marine nasjonalpark utanfor Hvaler for to veker sidan. Torsdag vart det islandske skipet beordra av danske styresmakter til næraste hamn i Grenå på Jylland.

Men ferda mot verftet i Odense på Fyn vart avbrote på grunn av at det vart oppdaga ein «hale» av olje etter skipet. Dykkarar har i dag undersøkt skipet, som på nytt har fått løyve til å reise vidare med låg fart.

I dag vart det klart at Kystverket og Sjøfartsdirektoratet vil gå gjennom vurderingane som vart gjort i forkant av seilasen til Danmark.

Video Oljeopprydding trappes opp

VIDEO: Torsdag vart oppryddinga trappa opp. Sjå video!

Nådde fleire fylke

Oljen som lak frå skipet etter forliset har nådd både Vestfold, Telemark, Agder og delar av Østfold.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 04 1,61 kr
Dyrest kl. 07 3,12 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %