Hopp til innhold

Får ikkje start på bilen i kulda

Kulda fører til stort press på bilbergarar i landsdelen. Falck melder om stor pågang av folk som ikkje får start på bilen sin.

Reparasjon

TRØBBEL: Bilbergarane i landsdelen har mykje å gjere i kulda. Mange får ikkje start på bilen sin. (Illustrasjonsfoto)

Foto: Cecilie Valentine Brekke / NRK

– Det er veldig mange som har litt dårlege batteri. Då merkar dei det når det kryp under 20 kuldegrader, seier bilbergar Bjørn Jacobsen hos Falck i Arendal til NRK.no.

Nedringt

Det har ringt i eitt til bilbergingsselskapa i Agder desse kalde juledagane.

– Eg har ikkje pausar, så no byrjar eg å bli litt svolten. Så det hadde vore godt med noko mat snart, sa Jacobsen då vi snakka med han.

Også i Kristiansand er det mykje å gjere for bilbergarane.

Unngå småkøyring

– Mange gonger brukar folk bilen for lite. Det vert mykje småkøyring som tappar batteriet. Du klarar aldri å ha eit topplada batteri når det er så kaldt som no, seier Kjell Rune Strømstad.

Han og kollegene ber folk unngå småkøyring. Ta heller ein litt lengre tur for å halde liv i batteria.

– Så er det veldig greit om du har motorvarmar. Det sparar motorane mykje. Dei som har syntetisk olje slepp litt billeg unna, seier Jacobsen hos Falck i Arendal.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

tre personer som står i en hage

Død person funnet i brannruiner

en person som sykler på en bane

Har sendt ut gult farevarsel – kan bli opp mot 80 mm nedbør

 Politistasjonsjef Anders Hareide Holt og Leder for forebyggende Anders Flottorp

Politiet åtvarar foreldre: Dette er faresignala du bør sjå etter

en person som skriver på en tavle

Aner ikke hva matten brukes til – mener det skaper matteangst

en mann med hjelm som klemmer en annen mann

Sørlendinger bidro til historisk Uno-X-opprykk

Spilles av
Her får hummeren et kyss: – Fantastisk
Neste