Hopp til innhold

15-åring vedgår bussran

Ein 15 år gammal gut har i avhøyr vedgått å ha rana ein buss på Mosby i Kristiansand tysdag kveld. Politiet er uroa over at ungdomsranarane på Sørlandet slo til igjen.

Bussran

BUSSRAN: Ein 15 år gammal gut har vegått å ha rana ein buss i Kristiansand tysdag kveld. Politiet er uroa over at ungdomsrana ikkje ser ut til å ta slutt på Sørlandet.

Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRK

Guten vil i morgon bli framstilt for varetektsfengsling.

Det var tysdag kveld at han gjekk inn i bussen, truga sjåføren med kniv og fekk med seg pengeveska hans. To andre, ei jente på 15 år og ein 25 år gammal mann vart også arrestert i dag, men desse to er sett fri etter avhøyr.

– Dei nektar straffeskuld og meiner dei ikkje har noko med ranet å gjere, seier etterforskingsleiar i Agder-politiet til NRK.no.

Vart dømd i førre veke

For berre ei veke sidan vart den sikta 15-åringen dømt til 90 dagars betinga fengsel for vinning og alvorlege trugslar. Men han skal ikkje vere ein del av eit ungdomsmiljø som har herja i Kristiansand dei siste månadene.

Guten høyrer heime på ein barnevernsintitusjon og er ein kjenning, men har ikkje vore knytt til ran tidlegare og er ikkje i nettverket av ungdomsranarar, som politiet kartla tidlegare i sommar.

Fire ungdom under 18 år frå dette miljøet skal i retten i november sikra for bankran, bussran og ran av fleire bensinstasjonar.

15-åringen har forklart til politiet at han kom til Mosby, røykte hasj og stilte seg opp på bushaldeplassen der han traff den 15 år gamle jenta. Begge er knytt til barnevernsinstitusjonar og kjenner kvarandre.

Filma ranet

Då guten fortalde at han skulle rane bussen trudde ikkje jenta på det og vart verande, har ho forklart i avhøyr. Då bussen kom trekte ranaren på ei finlandshette og truga bussjåføren med ein bajonett eller knivliknande gjenstand retta mot sjåføren sin hals.

Jenta brukte mobiltelefonen sin til å filme ranet som skjedde. Då gjerningsmannen stakk frå staden sprang jenta ein annan veg og bort til ein bil der 25-åringen sat. Dei køyrde vekk, truleg for å ikkje bli innblanda i episoden.

I politiavhøyr har guten forklart at pengar var houvdmotivet for bussranet. Samstundes gleda han seg til å gjennomføre ranet og har sagt at det gir eit kick å begå straffbare handlingar.

Fleire lovbrot måndag

Måndag kveld gjorde han eit innbrot på Mosby skole. Same natt sneik han seg ut av barnevernsinstitusjonen og planla å rane ein buss på Søm i Kristiansand.

Då bussen ikkje kom, gjorde han skadeverk på bilar, knuste eit vindauge, gjorde hærverk på ei hytte, gjorde innbrot og stal eit stereoanlegg frå ein buss.

Han har forklart at han prøvde å bryte seg inn i ei hytte til, men at han vart skremd av alarmen.

Geir Hansen i Agder-politiet er uroa over situasjonen på Sørlandet.

– Situasjonen blir verre og verre og ser ikkje ut til å ta slutt. Politiet håpa dei hadde fått ein viss kontroll etter alle ungdomsrana i distriktet tidlegare i år. Politiet brukar mykje ressursar på desse sakene og ser særs alvorleg på dei, seier Hansen til NRK.no.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %