Hopp til innhold

– Må beskytte samfunnet

Statssekretær i justisdepartementet, Terje Moland Pedersen (Ap), meiner situasjonen kring barnevernsungdommen på Sørlandet er uakseptabel.

Bussran i Kristiansand

- BESKYTT SAMFUNNET: Statssekretær Terje Moland Pedersen (Ap), opnar for at politiet kan ta i bruk 'vanlege metodar for å stoppe «barnevernsbanden» på Sørlandet.

Foto: Overvakingskamera

– Eg tykkjer det er heilt uakseptabelt. Vi må gjere noko både i hensyn til lokalsamfunnet og ungdommane, seier Moland Pedersen til NRK.no.

Torsdag kveld vart det avgjort at ein 15 år gammal gut, som står bak ei bussran i Kristiansand tidlegare denne veka, får husarrest.

Vert innelåst

15-åringen rana ein bussjåfør med kniv og fekk med seg pengeveska til sjåføren. Denne inneheldt ei mindre pengebeløp.

Husarrest betyr at den sikta guten skal bu på eit rom med låste og rømninssikre vindauge. Om natta skal to tilsette sove utanfor døra. Fylkesmannen har godkjent opplegget.

Nestleiaren i Barneombodet meiner ansvarsfråskriving frå ulike etatar gjer at det går gale for ungdommane igjen og igjen.

– Vi må samarbeide

– Når ein instans går inn og tek ansvar, så forsvinn dei andre. Det gjer at barna ikkje får den hjelpa dei treng, seier nestleiar Camilla Kayed.

Ho meiner større vilje til samarbeid mellom barnevernet, kriminalomsorgen og psykiatrien må til for at ein skal få situasjonen under kontroll.

– Ein er ofte glad for å sleppe ansvaret. Det er ungdommar som har særs store problem. Det er ofte slik at nokon må bli plaga av det dei driv med, før ein set seg ned og gjer noko med det, seier Kayed.

– Bruk vanlege metodar

Terje Moland Pedersen meiner at ein må gå hardare til verks, dersom barnevernet ikkje taklar situasjonen tilstrekkeleg.

– Viss det er slik at barnevernet ikkje klarar å handtere dette, meiner eg at politiet må bruke dei vanlege metodane for å stoppe dei. Dei må sørge for at aktiviteten ikkje held fram. Til dømes gjennom framstilling og dømming etterkvart, seier han til NRK.no.

Ein «barnevernsbande» har herja på Sørlandet dei siste månadene. 15-åringen som er sikta for det siste bussranet, er ein av rundt 13 barnevernsungdommar.

Tilsaman er dei melde til politiet for over 600 lovbrot - blant anna sju bussran.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 0,84 kr
Dyrest kl. 08 1,2 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,4 kr 25 min.
  • Dusje 3,9 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,5 kr En vask
  • Varmeovn 1 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %