Hopp til innhold

– Han er både glad og letta over dommen i Birkedal-saka

19-åringen, som Trond Birkedal er dømt for å ha forgripe seg på for fire år sidan, er veldig glad for utfallet i Gulating lagmannsrett.

Fornærma i Birkedal-saka

Teikning frå då fornærma forklarte seg i Stavanger tingrett i februar i år, den gong blei Birkedal frifunnen for overgrepa mot den då 15 år gamle guten. Nå er han dømt i lagmannsretten for det same forholdet.

Foto: Ingrid Haukelidsæter / Tegning

Andersen, Salomon og Monsen

Hege Salomon (i midten) før Birkedal-saka byrja i Stavanger tingrett i februar i år.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Trond Birkedal blei i dag dømt for å ha seksuell omgang med ein 15 år gamal gut på eit hotellrom i Oslo i 2008.

15-åringen frå Møre og Romsdal er nå 19 år, han blei svært glad då han fekk høyre om dommen i dag.

– Som forventa

– Han er frykteleg glad og letta over utfallet. Men dette var også som forventa ut frå slik bevisa blei vurdert i lagmannsretten, fortel bistandsadvokaten til 19-åringen, Hege Salomon til NRK.

Det var i forkant av FpU sin sommarleir Trond Birkedal, som var leiar i FpU, og 15-åringen var aleine på eit hotellrom i Oslo. Det seksuelle overgrepet Birkedal nå er dømt for, skjedde inne på dette hotellrommet, og skal vera av ein karakter som juridisk blir definert som samleie.

Det finst ingen handfaste bevis i saka, dermed har det vore påstand mot påstand. Denne gongen er det altså fornærma som har blitt trudd.

Salomon legg vekt på at bevisvurderinga var grundig, og at det var sju personar som einstemmig kom fram til dommen. Av desse sju personane var det tre fagdommarar.

Konklusjonen deira er likevel stikk i strid med den tingretten kom fram til i februar. Då blei Birkedal frifunnen for det same overgrepet.

– Dette handlar ikkje berre om å bli trudd, men også ei bevisvurdering ut frå ein totalsituasjon. Det har vore to ulike forklaringa, og det er også element i Birkedal si eiga forklaring, som er med på å underbygga denne dommen, seier Salomon.

– Skuldspørsmålet er avgjort sjølv om han anker

Etter dommen blei kjent onsdag kveld var Trond Birkedal sjølv raskt ute og sa at saka ville bli anka til Høgsterett.

– Korleis reagerer du, og klienten din på dette?

– Det tar me med knusande ro. Skuldspørsmålet er rettskraftig avgjort i lagmannsretten, og eg ser ingen haldepunkt for at dommen skulle bli oppheva, svarer Salomon.

I Høgsteretten er straffeutmålinga, bruken av lova og saksgangen, som vil bli vurdert.

– Det er høgst kvalifiserte folk som har tatt denne avgjersla nå, så ei anke tar me heilt med ro, avsluttar bistandsadvokaten.