Hopp til innhold

– Det byrja som ein demonstrasjon, nå høyrer eg skotsalver i gatene

Fleire nordmenn kjem seg ikkje ut frå hovudstaden Bamako i Mali, der det har brote ut uro i løpet av det siste døgnet. Med portforbod sit Kåre Kristensen frå Rogaland på hotellet og høyrer skotsalvene utanfor.

Mali Unrest

STATSKUPP I MALI: Regjeringsstyrkar storma onsdag den statlege kringkastinga og omringa presidentpalasset i Malis hovudstad.

Foto: Harouna Traore / Ap

Kåre Kristensen

Kåre Kristensen er leiar for Senter for interkulturell kommunikasjon, og er på eit hotellrom nær opprøret i Mali.

Foto: SIK

– Det har vore veldig mykje skyting og brenning i løpet av natta. Det blir framleis skote med handvåpen og tyngre våpen like utanfor hotellet mitt, seier Kåre Kristensen frå Ryfylke i Rogaland til NRK.no.

Han er leiar i Senter for interkulturell kommunikasjon, og er i Mali i samanheng med eit prosjekt han jobba på saman med den norske ambassaden.

Det var i går kveld han blei fanga i uroa i Mali. Det som byrja som ein demonstrasjon, enda opp i eit militært statskupp.

– Det er vanskeleg å forklara kor dramatisk eg opplever dette. Hotellet mitt ligg litt lenger unna sjølve opprøra enn det hotellet nokre venar av meg nyttar. Dei har nok opplever nok situasjonen langt meir dramatisk enn meg, seier Kristensen.

Har avsett presidenten

Soldatar i Mali seier dei har avsett president Amadou Toumani Toure etter harde kampar i hovudstaden.

Tidleg på morgonen erklærte soldatane at makta i landet var overteke av Den nasjonale komiteen for gjenreising av demokratiet og staten (CNRDR).

– CNRDR har avgjort å visa ansvar ved å få ein slutt på det inkompetente regimet til Amadou Toumani Toure, sa komiteens talsmann Amadou Konare i en erklæring sendt på statleg TV.

Kuppmakarane opplyste at dei har innført portforbod over heile landet og hevda at makta etter kvart vil bli overlaten til en ny, demokratisk valt regjering.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Vil ikkje prøva å koma seg heim

– Vil du prøva å koma deg heim?

– Slik situasjonen er nå ser eg ingen grunn til å bryta portforbodet, seier Kristensen frå Mali.

Dessutan seier han at Air France, som står for dei fleste flygingane, snudde på halvvegen med flyet sitt då uroa blei kjent i går.

– Korleis opplever du tryggleiken nå?

– Folk frå Mali er veldig rolege, og Bamako er normalt sett ein fredeleg by. Dessutan er militæret stadig på TV og oppmodar folk om å ta det med ro medan dei ryddar opp. Derfor kjenner eg meg ganske trygg førebels, seier han.

Frankrike vil ha val

Frankrike bed om at det blir halde val i det kuppråka landet Mali så snart som mogleg.

– Vi er forplikta til å respektere demokratiske og konstitusjonelle reglar, seier utanriksminister Alain Juppe til radiostasjonen Europe 1.

– Vi bed om at den konstitusjonelle ordenen blir innført att og om at det blir val. Vala skulle etter planen gå føre seg i april. Dei må bli haldne så snart som mogleg, seier utanriksministeren.

– Ministarar tatt til fange

Fleire menneske skal ha blitt drepne då presidentpalasset blei storma i løpet av natta.

Både utanriks- og innanriksministeren er tekne til fange, ifølgje ein av soldatane som deltek i statskuppet.

Presidenten sjølv klarte å kome seg ut av bygningen i tide, ifølgje ei uavhengig kjelde som nyheitsbyrået AFP har snakka med.

Fleire nordmenn i Bamako

Tre representantar frå Kirkens Nødhjelp sit også fast i Mali, dei prøver å koma seg ut.

– Det er dramatisk og ganske ubehageleg, seier Anne-Marie Helland i KN.

Ho er påtroppande generalsekretær i Kirkens Nødhjelp (KN), og sit torsdag saman med to kollegaer frå hjelpeorganisasjonen på eit hotell i hovudstaden Bamako medan det blir losna skot utanfor.

– Situasjonen er uoversiktleg, fortel Helland til NTB.

Hotellet nordmennene er på, ligg ikkje langt unna presidentpalasset, som onsdag blei storma av soldatar som gjennomførte eit statskupp.

– Det var mykje skyting og harde artilleriåtak i går, men roleg i natt. No som dagslyset har kome, bli skytinga og granatåtaka trappa opp att, seier Helland.

Ho og to av kollegaene hennar er i Mali for å kartleggje den veksande tørkekatastrofen som er på trappene i Vest-Afrika, men hamna så midt oppe i militærkuppet i Mali.

Dei prøver å kome seg ut av landet så fort som mogleg, men har enno ikkje lukkast.

– Det går rykte om at flyplassen er stengt og overteken av kupparane, og det gjer det naturleg nok vanskeleg å reise ut av landet, seier Helland.

Presidentpalasset i Mali

Frå hotellvindauget sitt i Bamako har Kåre Kristensen utsikt til presidentpalasset i Mali.

Foto: Kåre Kristensen

Opprør i nord

Opphavleg hevda soldatane at dei ikkje ønska å avsetja Toure. Målet var i staden å protestera mot regjeringas handsaming av eit tuaregopprør nord i landet, som har kravd mange menneskeliv og tvunge 200.000 menneske på flukt den siste tida.

Men natt til torsdag blei det altså klart at protesten hadde utvikla seg til eit kuppforsøk.

– Toure må gje frå seg makta, det er det heile. Rørsla vil berre gje seg når palasset er erobra, sa ein sersjant som ikkje ville bli namngitt.

Også ei kjelde i forsvarsdepartementet konstaterte at soldatane openbart prøvde å ta makta.

FNs tryggingsråd uttrykte uro for situasjonen i det vestafrikanske landet, og bad partane i konflikten respektera grunnlova.

Medlemmene i rådet skal diskutera uroa i Mali under eit krisemøte torsdag.

Inntil vidare kjenner Kåre Kristensen seg trygg så lenge militæret står samla, og at det ikkje vil bli danna utbrytargrupper.

Flere nyheter fra Rogaland