Anlegget der om lag 40 personar onsdag kveld blir heldt som gissel, var eit av fleire Statoil-anlegg i Sahara-ørkenen Harald Bøe besøkte som NRK-journalist for seks år sidan.
Tryggingsopplegget rundt turen er noko av det oljeeksperten hugsar best.
– Allereie då me kom ut frå flya i hovudstaden Alger i Algeri blei me tatt imot av vakter, fortel Bøe.
Transporten inn til sjølve anlegget i In Amenas skjedde med småfly.
– Sjølve anlegget var omringa av eit høgt solid gjerde, og også her var det fleire vakter. Vaktene kom frå Sterling, som mellom anna nyttar franske spesialsoldatar.
– Kjende du deg trygg?
– Ja, det gjorde eg.
Nå er heile ni nordmenn involverte i ein gisselsituasjon på det same anlegget, ein situasjon som Statoil kallar ei av dei verste hendingane selskapet nokon sinne har opplevd.
– Dessverre er tydelegvis ikkje dette tryggleik som er god nok når terroristgrupper vil inn, det skal mykje til for å stoppa denne type terroristgrupper, seier han.