Hopp til innhold

– Ein av dei mest alvorlige situasjonane Statoil har vore i

Statoil kunne i ein pressekonferanse onsdag ettermiddag stadfesta at to Statoil-tilsette i Algerie er skadde. – Situasjonen er framleis uoversiktleg, seier Lars Christian Bacher i Statoil.

Statoil kunne i ein pressekonferanse onsdag ettermiddag stadfesta at to Statoil-tilsette i Algerie er skadde. – Situasjonen er framleis uoversiktleg, seier Lars Christian Bacher i Statoil.

SJÅ VIDEO: Lars Christian Bacher er konserndirektør for internasjonal utvikling og produksjon i Statoil. Klokka 17 informerte han pressa om situasjonen i Algerie.

Statoil har i ettermiddag hatt pressekonferanse, der Lars Christian Bacher orienterte om situasjonen på anlegget deira i Algerie.

Det var 17 medarbeidarar på anlegget då det blei teke over av inntrengjarar, 13 av desse var norske. To av medarbeidarane er skadde, men ikkje alvorleg, fem er nå i ein militærcamp utanfor anlegget.

– Me har ein gisselsituasjon på anlegget vårt, med eigne tilsette involvert. Dette er ein av dei mest alvorlege situasjonen me har hatt nokon sinne i Statoil, sa Bacher på pressekonferansen.

Det var tidleg natt til onsdag militante islamistar, truleg frå Mali, gjekk til åtak på eit Statoil-anlegg ved grensa mot Libya. Ei malisk aksjonsgruppe seier dei står bak og at fleire nordmenn er tekne.

Statoil vil ikkje sei noko om situasjonen til dei 12 tilsette, som ikkje er trygge i militærcampen utanfor anlegget. Ni av desse er nordmenn.

– Me forstår at det er eit informasjonsbehov i denne saka, men tryggleiken til dei tilsette står i høgsete, derfor er det ikkje alt me kan gå ut med om hendingsgangen, sa Bacher under pressekonferansen.

– Gjer alt me kan

– Me har vore i løpande dialog med algeriske og norske styresmakter, og gjer alt me kan for å hjelpa til, seier Bacher.

Han seier at det viktigaste dei nå jobbar med er å støtta organisasjonen sin i Algerie, og følgja opp dei pårørande i Norge og ute i verda.

– Dei opplever nå ein ekstrem situasjon. Me har fått inn informasjon om at to av våre tilsette har kome til fysisk skade, ikkje alvorleg men situasjonen er uavklart og veldig uoversiktleg.

Statoil har oppretta eit pårørandesenter i Bergen. Pårørande kan også ringa på telefon 800 83 003, fortalte dei på pressekonferansen.

Anlegg In Amenas

Statoils anlegg i In Amenas

Foto: Kjetil Alsvik / Statoil

Kontakt med statsministeren

Konserndirektør i Statoil, Helge Lund, er på reise i Asia, men har nå sett seg på eit fly til Norge.

– Lund har vore i kontakt med statsministeren i løpet av dagen, og eg er jamleg i kontakt med norske styresmakter, seier Bacher.

Han legg til at beredskapsnivået i andre arabiske land, der Statoil opererer, nå har blitt heva.

– Kor førebudde er de på denne type åtak?

– Dette er ein av dei situasjonane som er definert som ei aktuell hending og som det jamleg blir trent på i beredskapsorganisasjonen lokalt og sentralt.

Sjå video:

To tilsette i Statoil er lettare skada etter at terroristar tok seg inn i Statoil sitt anlegg i Algerie i dag morges. Ei malisk aksjonsgruppe hevdar dei står bak . I alt har Statoil 17 tilsrtte i Algerie, og fire skal vera trygge i ein militærleir.

►SJÅ VIDEO: Justisminister Grete Faremo er på veg tilbake til Norge frå Irland.

Har tatt fleire fangar

Ifølgje avisa El Watan skal ei tryggingsvakt ha opplyst at fleire enn 40 utlendingar er teikne til fange.

Dette er ikkje stadfesta, men ei kvinne har overfor Bergens Tidendene stadfesta at mannen hennar ringte heim og fortalte at han var blitt bortført.

– Eg fekk eit telefonnummer som han bad meg gje til politiet. Dette var nummeret til gisseltakarane, etter det eg fekk vita, fortel ho til avisa.

Ektemannen har jobba på Statoil sitt anlegg i Algerie sidan 2009.

UD undersøker

– Det norske utanriksdepartementet er i tett kontakt med Statoil og andre aktørar i området og utanriksministeren følgjer situasjonen tett, seier kommunikasjonsrådgjevar Svein Michelsen i UD til NRK.

Han seier dei gjer det dei kan for å hjelpe Statoil og andre norske borgarar i den vanskelege situasjonen.

Gisseltakarane har angripe ein installasjon som blir driven av det britiske oljeselskapet BP, Statoil og Algeries statlege energiselskap, Sonatrach.

Anlegget er strengt vakta med militære. Dette var også situasjonen i dag tidleg, opplyser Statoil.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.