Omtalane er ordna etter startår.
Grimmelid Kobberværk starta i 1759 drift på ein koparførekomst i Grimelid ved Stongfjorden. Men malmen vart brend ut i Førde.
Næring på Steinen
Anders A. Steen (1812-1885) frå Holsen vart dampskipsekspeditør for Fylkesbaatane i 1869 og etablerte handel ved dampskipskaia si på Steinen. Sonen Ole tok over 1878, og dreiv også trelasthandel. Handelsfamilien Steen bygde etterkvart ut verksemda på Steinen med kassefabrikk, og tønnefabrikk frå 1915-1929. Her var også losji, brevhus og rikstelefonstasjon ei tid. Emil Steen, som dreiv tønnefabrikken, hadde også båtar som dreiv fiske og fraktfart.
|
Frå tønnefabrikken på Steinen før 1920. Foto SUM |
bygde i 1879 sagbruk og høvleri i Ervik ved Førdefjorden.
Bruland Skredderforretning
vart grunnlagt 1890 av Johan Bruland. I 1938 bygde verksemda butikk og fabrikkverkstad, der det ei tid arbeidde 8 personar.
Dei eldste meieria
Nedre Angedalen Meieri og Indrebø Meieri i Angedalen starta i 1892. Indrebø Meieri hadde eiga meierske og heldt til i eit hus på Indrebø. Om sommaren vart meieridrifta flytta til stølen på Vassbrekka. Dette ”stølsmeieriet” er no restaurert som eit lite museum. Også i nedre Angedalen vart det starta meieri i 1892. I alt kom det på kort tid 10 lokale meieri i dåverande Førde kommune: Grøneng, Gjerland og Hårklau i Haukedalen, Holsen (1898), Masdalen, Sundsdalen og Førde, Vie, Fauske (1899). Frå 1924 slutta dei seg etter kvart til
Førde meieri.
Bakeri på Hafstad
Johannes Gundersen (1856–1930) frå Jølster starta i 1895 bakeri på Hafstad. I 1930 overtok Bertel Kvaal bakeriet, og bygde nytt forretningbygg i 1939. Bygningen huser idag klesforretninga La Belle.
starta bakeri i Naustdal i 1895. I 1949 skipa sonen Jetmund og Alfred Rygg om selskapet til Naustdal Dampbakeri AS.flytta frå Naustdal til nytt produksjonsanlegg på Kronborg i Førde i 1985.
Ervik Saftkokeri
- sjå
Aksel Sjurson Grønhaug .
vart grunnlagt ved Sagelva på Halbrend i 1918 av Mathias Leivestad (1873–1934) frå Fana.
tønnefabrikk, og kasse- og pallefabrikk.
Grunnlagt i 1923 ved at fleire av dei lokale meierilaga slo seg saman.
Førde Mølle og Sagbruk
med byggjeforretning vart grunnlagt 1926 av A.J. Flaten. Bygdemølla låg nokre hundre meter opp frå utløpet av Jølstra, og er idag ombygd til kontor. På eigedomen er det i 2001 bygd bustadkomplekset Førde Brygge.
på Bruland er ei av dei største industriverksemdene i Førde og vart grunnlagt i 1930 av Karl Opseth (1896–1964) frå Førde. I dag har sementvarefabrikken avdelingar fleire stader i Noreg.
Trevarefabrikk på Hafstad
Håkon Hafstad starta trevarefabrikk på Hafstad i 1932. Dei første åra produserte verksemda for det meste møblar og suvenirar. Idag heiter verksemda Hafstad Trevare AS og produserer dører og vindauge. Verksemda hadde i år 2000 ei omsetning på 6,5 millionar kroner og seks tilsette.
|
Hafstad Trevare. Foto: Kjell Arvid Stølen. |
starta i 1933 produksjon av vassrøyr i tre saman med broren Audstein. Verksemda laga også utstyr til sagbruk, og rattkjelkar.
Berge & Co.
- sjå
Forretningsfamilien Berge. Fylkesforhandlar av Volkswagen, og den populære og rimelege VW-bobla gjorde Berge & Co. på kort tid til fylkets største bilforhandlar.
Hagenes Snikkarverkstad
vart starta på Steinen i 1942 av Ragnar Hagenes. I 1958 vart fabrikken flytta til nybygg i Teigen. Bygningen har sidan husa møtelokale for Odd Fellow og Glasmeister Kjell Grov.
Førde Vulkaniseringsverk
vart grunnlagt i 1949 av Berge Selvik. Selvik heldt til i eigen verkstad på Hafstad fram til 1983, då verksemda flytta til nye lokale på Halbrendsøyra. Førde Vulk hadde i år 2000 ei omsetning på 32 millionar kroner, og 20 tilsette.
|
Førde Vulk på Halbrendsøyra. Foto: Kjell Arvid Stølen. |
vart starta i 1948 og er den største norsk-eigde øskjefabrikken.
Ny Ideal Betongvarefabrikk
vart starta i Førde i 1952 av Anders Bolseth og John Farsund. Fabrikken produserte betongholstein. I 1961 vart fabrikken kjøpt opp av
Førde Sementvarefabrikk AS.
A/S Jarl Skofabrikk i Dale dreiv ei tid på 1960-talet ein filial med 12-15 tilsette i Førde. Filialen heldt til på Steinen og dreiv såkalla nåtling, d.v.s. sying av ferdig utstansa skinn som vart tilsendt frå Dale og returnert dit etter sying.
Ferdigbetong AS
ved sandtaka på Vie vart starta av entreprenør Andreas Hjelmeland i 1966. På 1970-talet selde han verksemda til brørne sine, Gunnar, Finn og Fritz Hjelmeland. I 1997 selde dei vidare til
Førde Sementvarefabrikk AS.
|
Ferdigbetong sitt anlegg på Vie. Foto: Kjell Arvid Stølen. |
bilforhandlar vart starta i 1966 av Per Einevoll, Arthur Hovland og Asbjørn Djupvik.
Hagbart Schjøtt AS
i Bergen starta konfeksjonsfabrikk på Øyrane i 1969. Fabrikken flytta inn i eige produksjonsbygg i 1972 (noverande El-kjøp), og hadde på det meste 120 tilsette. Etter økonomiske vanskar og eit par eigarskifte, vart drifta lagt ned kring 1990.
vart starta av Alfred Rygg i 1969.
konfeksjonsfabrikk vart starta på Halbrendsøyra i Førde i 1971 av
Alf Berger-Nielsen.
Bygd i 1971 på Øyrane. 400 tilsette på det meste. Lagt ned i 2003, og hadde då namnet Kleven Florø AS avd. Førde.
vart starta i Førde i 1976 av Trygve Ekreskard frå Hyllestad.
Førde Sementsilo
i Erdal vart bygd av sementprodusenten Norcem i 1977. Sementsiloen er 53 meter høg og har ein lagerkapsitet på 4000 tonn.
Welcon AS
Arne Stang starta i 1979 selskapet Welcon i Stongfjorden for produksjon av elektronisk utstyr til prosessindustrien (ÅSV/Hydro). Bedrifta flytta seinare til Øyrane i Førde, der selskapet etter kvart overtok dei fleste av SIVA – Statens Industrivekstanlegg - sine tomter og bygningar.
Førde Vulk
- sjå Førde Vulkaniseringsverk 1949.
Biltreff
- sjå
Jon Kvamme.
Opus AS
bilfirma vart starta av Svein Haaland i 1987. Opus vart forhandlar av bilmerket Opel som bergensfirmaet Auto 23 tidlegare hadde forhandla i Sogn og Fjordane. Opus har seinare også vorte forhandlar av Suzuki.
vart starta i 1988 av Steinar Fonn.
Auto Last AS
bilforretning vart starta i Førde i 1988 av Arnstein Neset m.fl. Bilforretninga som forhandlar M.A.N. lastebilar, har verkstad på Øyrane i eit bygg som firmaet overtok sjølv i 2006. I 2001 skipa Auto Last ei avdelinga i Ålesund og har i 2007 28 tilsette.
|
Autolast held til like ved verftsområdet på Øyrane. Foto: Kjell Arvid Stølen. |
Kring 1990 gjekk Vestlandske Salslag bort frå å marknadsføre produkta sine under VS-logo og gjekk over til den nye logoen for Norsk Kjøtsamvirke; Gilde.
vart skipa i 1990 av Terje Horsevik, Mindor Sunde, Ragnhild Russenes og Eivind Eikenes.
bilfirma i Førde vart starta i 1992 av Bjørn Sæbøe, Steinar Dvergsdal og Frank Kirkebø.
AutoForum AS
- sjå
Førde Bilsenter AS.
Førde Asfalt AS
- sjå
Førde Sementvarefabrikk AS.
Kolo Veidekke AS
- sjå
Førde Sementvarefabrikk AS.
Kværner Florø avdeling Førde
– sjå
Ankerløkken Verft Førde.
Kleven Florø avdeling Førde
– sjå
Ankerløkken Verft Førde.
Riko Førde As
- sjå
Fonn Auto AS.
Førde Bil Partner AS
- sjå
Førde Bilsenter AS.
Aker Yards
– sjå
Ankerløkken Verft Førde.
Førde Maritime Industri
– sjå
Ankerløkken Verft Førde.