SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Industri og næringsliv i Førde:

Ankerløkken Verft Førde

Verftet i Førde byggjer ein del av skipet medan verftet i Florø byggjer resten. (Foto: Arild Nybø, NRK)
Verftet i Førde byggjer ein del av skipet medan verftet i Florø byggjer resten. (Foto: Arild Nybø, NRK)
Ankerløkken Verft Førde vart bygd i 1971 på Øyrane.

Publisert 11.09.2001 12:27. Oppdatert 03.08.2006 14:58.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Det var eigaren og grunnleggjaren av Ankerløkken, Hamarmannen Ole E. Aaserud, som sjølv tok initiativet til bygging av Førde-verftet. I 1949 hadde han etablert mekanisk verkstad og seinare Ankerløkken Verft i Florø. Der var det eit tid otte for at Aaserud ville satse mest på utvikling i Førde. Slik vart det ikkje, for Ankerløkken bygde etter ei tid stort ut også i Florø. Verftet i Førde bygde både heile skip og forskip, som etter sjøsetting vart sveisa saman med akterskipet, bygd ved avdelinga i Florø. På det meste hadde Førdeverftet i denne tida 400 tilsette.

Konkurs i 1985

I 1979 kom Ankerløkken-konsernet i store økonomiske vanskar, og regjeringa Odvar Nordli gjekk inn med ein økonomisk redningspakke. Det heldt ei kort tid, men i 1985 vart konsernet slått konkurs, og produksjonen ved verfta stogga. Grunnleggjaren Ole Aaserud vart tvinga ut av leiinga, og tidlegare general Gunnar Giljarhus vart engasjert som ”ryddegut”.
Etter konkursen gjekk Sunnfjord-verfta inn i ei uroleg tid med fleire eigarskifte. Brørne Tore og Bjørn Kjos frå Oslo var ei tid inne og freista å ”slakte” konsernet, men mislukkast. Det stabiliserte seg då eit ingeniørselskap med utgangpunkt i Bismo i Gudbrandsdalen kom inn som eigarar. Denne gruppa engasjerte seg først og fremst i Florø.
Førde-verftet stod på det næraste folketomt i lang tid. Nokre få tilsette med Kjell Foss som dagleg leiar skipa Førde Maritime Industri, som dreiv delproduksjon i mindre målestokk i verkstadhallane. Den mest suksessrike ”avleggjaren” av Ankerløkken Førde i denne tida var designselskapet Multi Maritime AS.

Nye eigarar

I 1989 kjøpte verftseigar John Kleven frå Ulsteinvik dei to skipsverfta i Sunnfjord. Han hadde nokre år tidlegare kjøpt seg inn i det konkursråka Løland verft i Leirvik. (Sjå Hjørnesteinsverksemda Løland Verft.) Etter kort tid selde Kleven verfta til Kværner-konsernet i 1991, som samordna dei to Sunnfjord-verfta under leiinga i Florø. Til no hadde dei to verfta vore to sjølvstendige selskap. No vart Førde-verftet heitande Kværner Florø – avdeling Førde. Etter ein sterk vekstperiode kom Kværner i store økonomiske vanskar på slutten av 1990-talet. Konsernsjef Erik Tønseth vart kasta, og Kjell Almskog tok over som ”ryddegut”. Han selde unna mange skipsverft i 1999, mellom desse verfta i Florø og Førde. Kjøpar var Kleven-gruppa i Ulsteinvik.

Lagt ned i 2003

På slutten heitte Førde-verftet Kleven Florø AS, avdeling Førde, og hadde i 2001 170 tilsette. Våren 2003 vart verftet i Førde lagt ned, og mange av dei tilsette vart flytta til Florø. Men i slutten av 2003 var det også slutt i Florø, og dei fleste verftsarbeidarane vart sagt opp.

Investorgruppe kjøper verftstomta

I 2005 kjøpte den Førde-baserte investorgruppa Ankerløkken Eigedom AS den 86 dekar store verftstomta med bygningar for 21 millionar kroner frå Kleven Florø AS. Kleven har i 2005 gjort avtale om å leige tilbake skipsverftet for skipsbygging i minst to år. Kleven har i 2005 gjort avtale om å leige tilbake skipsverftet for skipsbygging i minst to år etter at verftet sikra seg kontraktar for 1,7 milliardar kroner på bygging av fleire kjemikalietankskip.

Røkke overtek Kleven Florø

I juni 2006 var det klart for eit nytt eigarskifte for Kleven Florø som fekk verknad for aktiviteten ved verftet i Førde: Då overtok Akers Yards med hovudaksjonær Kjell Inge Røkke dei to selskapa Kleven Florø og Kleven Design for 60 millionar kroner.



MEIR OM FØRDE 
Førde kommune

 
Aviser og media i Førde
Historia i Førde
Industri og næring i Førde
Kjende personar i Førde
Krigshistoria i Førde
Kyrkjer i Førde
Samferdsle i Førde
Skular i Førde
Verd å sjå i Førde

 
Video frå Førde
Lyd frå Førde
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no