SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Industri og næring i Askvoll:

Fabrikkar og verkstader i Askvoll

Flaskene til Firda Brusfabrikk kring 1920. (© Kjell Eikemo)
Flaskene til Firda Brusfabrikk kring 1920. (© Kjell Eikemo)
Omtalane er ordna etter oppstartsår:

Publisert 02.07.2001 11:05. Oppdatert 28.03.2007 15:10.

Dei første meieria

Berentsens Meieri i Askvoll vart starta i 1894 og dreiv i to år. På Kumle vart det drive privat meieri i ein kort periode frå 1902. Dei nordlege bygdene leverte til eit meieri i Kvammen.
Trollefos Uldvarefabrik med styrarbustad og arbeidarbustader. Foto utlånt av Kjell Eikemo

Trollefos Uldvarefabrik

i Holmedal vart grunnlagt i 1895 av Johan Jensen. Fabrikken fekk eige elektrisitetsverk i Bakkeelva i 1900. Trollefos Uldvarefabrik vart lagt ned i 1925. Sjå elles artikkelen Industrigründeren Johan Jensen.
Frå lokala til Trollefos Uldvarefabrikk. Foto frå Sogeskrift for Askvoll kommune

Teglverk i Askvoll

Store leireforekomstar la grunnlag for skiping av Helle Teglverk A/S i 1895 og A/S Vårdal Teglverk i 1897. Dei to verka låg ikkje så langt ifrå kvarandre, eit stykke vest for Holmedal.

Brusetikett kring 1920. (© Kjell Eikemo)

Firda Brusfabrikk

vart grunnlagt i Holmedal 1899 av Johan Jensen. I 1935 overtok Hansa Bryggeri fabrikken, og la den ned. Sjå elles artikkelen Industrigründeren Johan Jensen.

Askvoll Meieri

vart skipa 1899 og dreiv til 1910.

Steinbrot i Fismen

ved Eidsfjorden kring 1900 (Eidsvigens Granitbrud) Leverte m.a. gatestein og bygningsstein til Bergen.

Skiferbrot på Kumle og Sætre

på Atløy kring 1900.

Smørfabrikken "Flora"

Grunnlagt i Holmedal i 1901 av Johan Jensen. Smørfabrikken vart lagt ned etter få år, og eigedomen vart overteken av Trollefos Ullvarefabrikk, som Jensen også eigde. Fabrikklokala til smørfabrikken vart i 1943 kjøpte av brørne Steinar og Sigmund Helle, som flytta dit. Sjå elles artikkelen Industrigründeren Johan Jensen.
Smørfabrikken Flora. Foto utlånt av Kjell Eikemo

Mads R. og Anders R. Løvik

starta snekkarverkstad i Kvammen 1922. Dei dreiv sagbruk og produksjon av møblar og bygningsartiklar.

British Aluminium Company

(BACO) bygde i 1908 Nordens første aluminiumfabrikk i Stongfjorden.

Rivedal Meieri

vart starta i 1908. I 1951 slo meieriet i Rivedal seg saman med Holmedal Meieri til eitt meieri.
Siste dagen det vart leveret mjølk til Rivedals meieri. Foto frå Sogeskrift for Askvoll kommune


Hermetikkfabrikk i Hindøy

Kolbein Sætra starta hermetikkfabrikk i Hindøy 1909, to år seinare i Sauesund (den første her i landet som la ned ”sei-laks”).

Holmedal Shoddyfabrikk

grunnlagt 1912 av R.F. Rochling. Shoddy var opprivne tøyfiller, og brukt til polster i madrasser og møblar.

Holmedal Trevarefabrikk

grunnlagt 1912 av Berh. Haaland. Starta først med fabrikasjon av vogner, vognhjul og anleggsårer. Gjekk seinare over til produksjon av stoppa møblar. Sonen Jostein tok over firmaet i 1943 og kalla det etter dette Jostein Haaland, frå 1960 med firmanamnet Haaland Møbler (sjå dette under industri og næring). Haaland Møbler dreiv vanleg møbelutsal og vart lagd ned i 2005.

Holmedal Mek. Verksted

grunnlagt 1914 av Ole K. Leirpoll (1883–1960). Han produserte m.a. ugrassprøyter og hengsler for ”vendbare” vindauge etter eigen patent, sikringsordningar for vindauge og beslag til kyrkjedører. Leirpoll dreiv verkstaden til han døydde.
Frå eit sogeskrift om Holmedal Mek. verksted


Rasmus Løvik

starta sag og snekkarverkstad i Løvik ved Førdefjorden på 1922. Seinare tok sønene Anders og Mads Løvik over, og hadde i periodar to-tre tilsette i tillegg til seg sjølve. Dei spesialiserte seg på svingtrapper, men laga også dører og vindauge. Dei dreiv verksemda fram til kring 1970. Etter at dei pensjonerte seg, dreiv dei to nevenyttige brørne produksjon av rosemåla tiner og ambarar.

Askvoll Canning Co. A/S

Hermetikkfabrikken vart starta i 1925 av Stavanger-mannen Martin Dahle (f. 1886) i Røysetfjøra like ved Askvoll sentrum.

Handel og krabbe på Herland

Sigurd Løkeland hermetikkfabrikk vart grunnlagd på Løkeland i 1919.

Sigurd Løkeland hermetikkfabrikk

- sjå Handel og krabbe på Herland.

Holmedal Meieri

vart grunnlagt i 1923 og bygde eige meieribygg i Holmedal i 1924.

Stongfjorden Trevarefabrikk

vart starta av Einar Alsaker i 1932. Fabrikken produserte kleshengarar, hadde opp til åtte tilsette, og gjekk til 1970.
Stongfjorden Trevarefabrikk. Foto:Aud Elsa Grøneng


Bjarne Høvik

starta i 1933 snikkarverkstad i Askvoll. Han heldt til i bedehuskjellaren og hadde tre mann i arbeid. Produkta var m.a. skulemøblar, sløydverkty og husinnreiingar. Om vinteren var Høvik lærar på ein kommunal snikkarskule.

Stongfjordens Bakeri

vart grunnlagt 1936 av Johan Chr. Johansen.

John og Ragnvald Dørhellen snikkarverkstad

i Stongfjorden, starta i 1936 – sjå Stongfjorden Samvirkelag.

Helle Fabrikker

i Holmedal vart starta 1943 av brørne Steinar og Sigmund Helle.

Einar Samuelsen

dreiv frå 1944 bakeri med eige utsal i Holmedal.

Askvoll Fisk & Fiskematforretning

vart grunnlagt i 1945 av Lars Bauge.

Leiknes Snikkarverkstad

vart skipa i Askvoll i 1945 av Magne Leiknes og dreiv produksjon av møblar, kjøkkeninnreiingar, glas og dører.

Stongfjordanleggene A/S

skipa 1948 etter at aluminiumsproduksjonen i bygda vart innstilt - sjå: British Aluminium Company .

P/L Fiskereiskap

skipa 1948 - sjå Stongfjordanleggene A/S.

Klausen Mek. Verksted AS

Den største verksemda i Askvoll kommune.
Klausen Mek. Verksted frå lufta. Foto: Sigvald Vårdal


Hj. Rivedals porteføljeverksted

i Holmedal vart grunnlagt i 1950 av Hjalmar Rivedal. Spesialierte seg på produksjon av souvenirartiklar.
Hjalmar og Oddny Rivedal i arbeid i Hj. Rivedals porteføljeverksted

Bergensmeieriet i Askvoll

Etter 2. verdskrig fekk Bergensmeieriet fotfeste i Askvoll-distriktet.

AS Fiskeforsyning

eit dotterselskap av Sogn og Fjordane Fiskesalslag, bygde i 1956 fryse- og kjølelager i Bulandet.

Stangfjord Staal

skipa 1963 – sjå Helle Fabrikker.

Ask Trappeverksted

i Askvoll vart skipa av Magne og Oddmund Ask i 1969. Verkstaden har spesialisert seg på bygging av eksklusive trapper i edle tresortar. Magne sin son Magnar Ask tok over verksemda i 1988. Den heiter no Trappeprodusenten AS.

M. Leiknes AS - Trelast og bygningsartiklar

- sjå Leiknes Snikkarverkstad.

A/S Stongfjord Auto

vart starta av Einar Yndestad kring 1975. Han tok over ein bilverkstad som Stangfjord Staal (eigd av ) hadde starta nokre år tidlegare. Yndestad bygde ut verkstad og bensinstasjon, som gjekk over til nye eigarar og vart lagt ned i 1996.

Askvoll Brug

- sjå Bergensmeieriet i Askvoll.

Bulandet fiskeindustri

på Bulandet. Skipa som ”folkeaksjeselskap” 1979.

Askvoll Konfeksjon

vart starta av bergensaren Per Moldestad på 1980-talet.

Trappeprodusenten AS

- sjå Ask Trappeverksted skipa 1969.

Askvoll Motor AS

vart starta i 1989 av Johnny Søreide.

AutoMarin AS

- sjå Askvoll Motor AS .

Frå produksjonslokala til Landøy Steinindustri. Foto: Laila Landøy

Landøy Steindustri AS

på Værlandet vart skipa i 1999 av Laila Landøy m. fl. og driv produksjon av ein svart prydstein som verksemda m.a. eksporterer til bygningsindustrien i Europa. Verksemda har i 2006 fire tilsette og ei omsetning på nærare sju millionar kroner.
Brimmen Quarry, der den spesielle steinen som Landøy Steinindustri nyttar, blir teken ut. Foto: Laila Landøy

MEIR OM ASKVOLL 
Askvoll kommune

 
Aviser og media i Askvoll
Historia i Askvoll
Industri og næring i Askvoll
Kjende personar i Askvoll:
Kommunehistoria i Askvoll
Krigshistoria i Askvoll
Kyrkjer i Askvoll
Samferdsle i Askvoll
Skular i Askvoll
Verd å sjå i Askvoll

 
Lyd frå Askvoll
Video frå Askvoll
SE OGSÅ
LENKER

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no