Q-film er ein årleg filmfestival, arrangert av medieelevar ved Firda vidaregåande skule. Det heile brakar laus med Kick-Off måndag kveld. I løpet av veke blir det fagdag med ulike tema og foredrag. Det blir også vist mange filmar denne veka.
GLER SEG: Leiar Linda Hagen Myklebust og nestleiar Johanne Nyborg ser fram til neste veke.
Foto: QfilmQ-film er ein filmfestival der kreativ ungdom får vise kva dei kan om film, samt lære meir om film via forskjellige aktivitetar, foredrag og kinoframsyningar. Årets tema er «Adventure».
Den store prisutdelinga skjer torsdag kveld. Då er det klart for Q-pris der det blir kåra vinnarar i ulike kategoriar.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Nettlesarane til NRK Sogn og Fjordane kan vere med å avgjere kven som får Publikumsprisen.
– Vi fekk inn 35 filmar og er nøgde med det. Det er høgt nivå på mange av dei. I tillegg ventar vi inn nokre filmar som skal ver med i juniorklassen. Vi har fått mange bra filmar og det var vanskeleg å velje ut ti nominerte til Publikumsprisen, seier leiar Linda Hagen Myklebust.
Førebuingane til festivalen er no i full gong. Myklebust seier ho mest av alt er spent på mottakinga frå publikum.
– Vi er klare! Vi har begynt å selje festivalband og har begynt førebuinga til kick-off. Vi er veldig spente på resultatet og mottakinga frå publikum. Eg er ganske sikker på at det blir bra!
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Stem på den du likar best
No kan du vere med å stemme på den du meiner skal vinne «Publikumsprisen 2012».
Premien er eit Canon 550D (stills/HD videokamera) med ekstern mikrofon.
Du kan stemme på din favorittfilm fram til torsdag 22. november klokka 16:00.
Her kan du sjå filmane du kan stemme på:
Film 1: A Whole New World
FILM 1: Media Sogndal vgs. v/ Silje Bråstad, Niclas Skinlo, Janne Håland, Hilde Afrodite Mykland og Martin Andreas Aasen Vikesland (Sogndal vgs.)
Film 2: Jenta som blei lastebilsjåfør
FILM 2: Helene Solheim, Mariell Midtbø Bøyum og Mari Standal (Mo og Jølster vgs.).
Film 3: Dagboka
FILM 3: Ervin Hoti, Erik Nyland, Bente Molen og Maria Steen (Mo og Jølster vgs.).
Film 4: Farleg kjennskap
FILM 4: Marte Aleksandra Djupvik, Caroline Skarstein, Torbjørn Frøysland, Ian Gulestør, Dovydas Miliauskas og Simen Berge Kongsvik (Mo og Jølster vgs.).
Film 5: Firda vgs.
FILM 5: – Mathilde Moldestad Grøttebø (Eid vgs.).
Film 6: TrollSAFE Idiotforsikring
FILM 6: – Asbjørn Lote, Maria Steen oh Helene Solheim (Mo og Jølster vgs.).
Film 7: STAY – Samfunnet treng deg
FILM 7: – Asbjørn Lote, Maria Steen, Erik Nyland og Eivind Vallestad (Mo og Jølster vgs.).
Film 8: Nøkkelhullet
FILM 8: – Elias Engevik (Sygna vgs.).
Film 9: Take it slow
FILM 9: – Stine Solhaug Myklebust (Firda vgs.).
Film 10: Torbjørn's Timelapse II
FILM 10: – Torbjørn Frøysland (Mo og Jølster vgs.).