Hopp til innhold

Mindre slakt og meir import

Me et meir storfe- og småfekjøt, samstundes som det blir slakta mindre. Då må importkjøt kanskje redde kjøtlysta vår.

Eivind Fonn

BEKYMRA: Eivind Fonn merkar at det blir færre og færre sau som blir frakta til slakteriet.

Foto: Gro Ravnestad/MMS-bilete / NRK

Ein femtedel av storfekjøtet me et i Norge er importkjøt, fordi norske bønder klarar ikkje å levera so mykje som folk vil ha. Produsentane fryktar at lammeproduksjonen vil gå den same vegen.

Nedgang i produksjonen

– Me ser dessverre det at det er ein nedgang i produksjonen både på småfe og storfe. Det betyr færre årsverk og færre arbeidsplassar, seier Eivind Fonn, fabrikksjef ved Nortura i Førde.

Han vil gjerne tilby forbrukarane kjøt frå gardane på Vestlandet. men når bøndene legg ned gardsdrifta vert det mindre å skjære i for slakteriet. i dag vil me som forbrukarar ete mykje meir storfekjøt enn det bøndene klarar å produsere.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Norsk lam er også i vinden som aldri før, men det blir slakta mindre enn tidlegare.

– Det me ser er at me er i eit generasjonsskifte. Ein del bønder held fram, men når dei har nådd pensjonsalder so er det ingen som tek over drifta.

At det blir slakta mindre lam kan også bety at pinnekjøtet du et på julafta er utanlandsk. Det vil truleg ikkje vera fyrste gong heller.

Langt frå sjølvforsynte

– Det handlar om økonomien. Den er ikkje god nok til at det er interessant å halda fram eller overta gardsdrifta.

Mindre slakting gjer at me er langt frå sjølvforsynte med mat, heile femti prosent av den maten me brukar kjem frå utlandet.

– Me likar å kalle oss verdas rikaste land, men me har ein sjølvforsyningsgrad på 50 prosent, som er blant dei lågaste i Europa. Det handlar mykje om eit verdival; skal me ha norsk landbruk og bassera oss på norsk mat eller skal me ha importert mat i framtida, seier Fonn.