Hopp til innhold

Slik skal dei setje kunsten på dagsorden

I haust legg ein dyrlege og Frp-politikar ut på ei litt uvanleg kunstreise. Målet er å setje kunstdebatten på dagsorden.

Frank Willy Djuvik intervjuar Hans Jakob Reite, medan Anne Viken filmar.

TO FLUGER I EIN SMEKK: Frank Willy Djuvik og Anne Viken nytta høvet til å intervjue NRK Sogn og Fjordane sin kulturanmeldar, Hans Jakob Reite.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Arbeidet er det debattant, forfattar og dyrlege Anne Viken, og fylkesleiar i Frp, Frank Willy Djuvik som teke på seg.

Prosjektet såg dagens lys under opninga av Nye Sogn og Fjordane kunstmuseum i Førde. No gler dei seg til å ta pulsen på kunsten.

– Vi ynskjer debatt kring kunsten i Sogn og Fjordane. For det er ikkje veldig mykje fokus på kunst i lokalmedia. Såleis ynskjer vi at dette både skal vere folkeopplysning og medverke til samfunnsdebatt, seier Viken.

Kunst for alle

Den noko underlege duoen skal no ut på ein fylkesturne, der dei bloggar og lagar sin eigen TV-serie på nett, «På jakt etter kunsten». Dei skal undersøkje tilgjengeleg informasjon om musea, kunst og kunstnarar på internett, dei skal sjå utstillingar og prate med besøkjande og folk frå kulturlivet.

(Artikkelen held fram under biletet)

Frank Willy Djuvik og Anne Viken på frukostbesøk hos NRK.

FRUKOSTBESØK: Frank Willy Djuvik (t.v.) og Anne Viken var på frukostbesøk i NRK Sogn og Fjordane.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Det sjølvpålagde oppdraget er å oppdage, diskutere og utfordre kunsten i fylket. Viken og Djuvik skildrar seg som oppdagelsesreisande i kunst i eige fylke.

– Det handlar om å dra opp debatt kring kunst, få fokus på kva kunst er og vise at kunst faktisk er allment tilgjengeleg og eigentleg er eit lågterskeltilbod. Dette sjølv om kunstmuseum kanskje blir sett på som eit elitekulturtilbod. Vi vil vise at det er tilgjengeleg for alle, seier Viken.

Eigen blogg

Viken og Djuvik har allereie fått mange invitasjonar, og Djuvik seier dei allereie har planer om eit stunt med skodespelar Helge Jordal i samband med premieren på Sirkus Saragossa, å vitje Vevring utstillinga samt snoke om kunst som «ingen veit om».

(Artikkelen held fram under videoen)

Besøk Sogn og Fjordane kunstmuseum

INNSIDA: Bli med på innsida av bygningen som inspirerte Viken og Djuvik til å leggje ut på kunstturne i Sogn og Fjordane.

Alt dette og meir til blir publisert på bloggen KUNSTsf2012-tour på origo. Ei Facebook-side har fått same namn.

– Eg er generelt ganske nyfiken, så når det skjer noko tykkjer eg det er spennande uansett kva det er. Tykkjer oppleving i seg sjølv å møte menneske og oppsøke plassane, fortel Viken.

– Sitt ansvar bevisst?

Frank Willy Djuvik intervjuar Hans Jakob Reite, medan Anne Viken filmar.

INTERVJU: Frp-politikar Frank Willy Djuvik intervjuar NRK sin kulturanmeldar Hans Jakob Reite, medan dyrlege Anne Viken filmar.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Djuvik vil også setje søkelys på media si rolle og dekning av kunsten i fylket.

– No er det bygd eit museum til 93 millionar kroner som for mange dukka plutseleg opp over natta. Der var det ikkje mykje debatt. Men når ein løyver 750.000 kroner til Melodi Grand Prix, så eksploderer media. Er media eigentleg sitt ansvar bevisst til å skape den debatten, spør han.

Går for ministerpost

Sosiale medium er ikkje noko ukjent fenomen for Frp-politikar Djuvik. Han er sjølv aktiv og måtte leggje seg flat etter ein blogg der han gjekk hardt ut mot Islam og muslimar.

Denne episoden nyttar han også spøkjefullt når han fortel om sin motivasjon for å leggje ut på kunstturne i heimfylket.

– Vi har vidt ulike motivasjonar. Eg har blåst mine sjansar til å bli integreringsminister, så då tenkte at kulturminister måtte bli det neste. Anne tenkte at det å vere venn med kulturministeren når Frp sit i regjering, då får ein jo masse fine posisjonar som kringkastingssjef og slikt, spøkjer han.