Kulturinstitusjonar i fylket

Indre Sogn-tunet på De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Indre Sogn-tunet på De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Distriktsmusea

Sogn og Fjordane har fire større distriktsmuseum:

I tillegg kjem Sogn Fjordmuseum ved Kaupangerbukta og Norsk Reiselivsmuseum i Balestrand. - Historia kring desse musea, om museumssamlingane og eigedomar som musea har ansvaret for utanom museumsområdet kan du lese om under dei respektive kommunane.

Gamle bygningar på Nordfjord Folkemuseum. Foto: Ottar Starheim, NRK

Gamle bygningar på Nordfjord Folkemuseum. Foto: Ottar Starheim, NRK

Sogn og Fjordane Kunstmuseum

Fylkesgalleriet i Sogn og Fjordane vart skipa i 1987. Fylkesgalleriet heldt dei første åra til i kjellaren i Røde Kors-bygget i Førde. Det flytta seinare inn i den tidlegare husstellfagskulen i Førde saman med fylkeskulturkontoret. Fylkesgalleriet vart i 2000 omskipa til Sogn og Fjordane Kunstmuseum. I 2004 vart Sogn og Fjordane Kunstmuseum omskipa til ei stifting. Med i stiftinga er fylkeskommunen og vertskommunar for samlingar, samt kunstnarorganisasjonane i Sogn og Fjordane. Sogn og Fjordane Kunstmuseum er ansvarleg for fylgjande kunstsamlingar med i alt 2900 verk:

Kunstmuseet på Prestebøen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kunstmuseet på Prestebøen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kunstmuseet

i den tidlegare husstellfagskulen på Prestebøen i Førde. Kunstmuseet skal etter planen flytte inn i nybygg på den tidlegare meieritomta i Førde sentrum i 2012. Sogn og Fjordane kunstmuseum på Prestebøen har eiga kunstsamling, m.a. ein skulpturpark, og har skiftande kunstutstillingar med utvalde kunstnarar. I tillegg driv kunstmuséet vandreutstillingar og ulike pedagogiske tilbod til skulane.

Kunstsenteret

i Førdehuset som m.a. sel arbeid frå dei kring 55 organiserte biletkunstnarane og kunsthandverkarane i fylket ( tal frå 2004).

Utanom Førde omfattar stiftinga:

Eikaasgalleriet på Ålhus i Jølster. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Eikaasgalleriet på Ålhus i Jølster. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Samordning av musea i fylket

I 2008-2009 vart det gjennomført ei samordning av musea De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum (Kaupangerskogen), Norsk Reiselivsmuseum (Balestrand), Sunnfjord Folkemuseum (Førde), Sogn og Fjordane Kunstmuseum, Kystmuseet (Florø) og Nordfjord Folkemuseum (Sandane). Dei samordna musea får felles leiing og har fått namnet Musea i Sogn og Fjordane. Tanken er at samordninga skal styrke det faglege miljøet, og det vert felles innsamlingspolitikk og felles magasin. Anne-Marie Førde vart tilsett som den første direktøren for Musea i Sogn og Fjordane. I 2011 vart det skrive intensjonsavtale om at også Norsk Kvernsteinsenter i Hyllestad skal bli ein del av Musea i Sogn og Fjordane.

Sunnfjord Museum. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Sunnfjord Museum. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Fylkesbiblioteket for Sogn og Fjordane

Det noverande fylkesbiblioteket starta med Sogn og Fjordane Boksentral i 1954.

Sogn og Fjordane Teater

Sogn og Fjordane Teater vart skipa i 1977, og hadde premiere i det nye Førdehuset 28. oktober med komedien ”Dei siste Maksveringar” av Rolf Losnegård frå Holmedal. Men like etter braut det ut ein kvass strid kring styringsforma.