Hopp til innhold

Tre arrangement får nesten alle kulturkronene - vil endre fordelinga

Ordninga med knutepunktfestivalar tvingar Fylkeskommunen til å bruke nesten alle kulturkronene sine på berre tre kulturinstitusjonar. Fleire tek til orde for ei endring.

Førdefestivalen, Opera Nordfjord og Norsk Country Treff

FÅR 80 PROSENT AV KULTURKRONENE: Førdefestivalen, Opera Nordfjord og Norsk Country Treff får nesten alle dei fylkeskommunale kulturkronene. Fleire i musikk- og arrangørbransjen vil no endre ordninga med knutepunktstatus.

Foto: Montasje: Ingvild Nave-NRK/Stig Høynes/Runar Sandnes

Fleire i musikk- og arrangørbransjen tek til orde for at ordninga med knutepunktfestivalar må bli statleg finansiert.

Slik det er i dag er fylkeskommunen forplikta til å støtte opp med store summar rundt knutepunktfestivalane, noko som gjer at det blir lite att til andre arrangørar.

– Ein bør dele midlane meir rettferdig enn det som skjer i dag, seier Viggo Randal som er festivalsjef for Utkant i Gulen til NRK.no.

80 prosent til dei tre store

I helga var store delar av musikk- og arrangørbransjen i Sogn og Fjordane samla til arrangementet Blest på Nordfjordeid. Her kjem bransjefolka saman for å dele erfaringar og diskutere felles utfordringar.

Bransjen diskutere også den statlege ordninga med knutepunktfestivalar. Fleire meiner ordninga i dag bakbinder fylkeskommunen og vil heller at staten åleine skal stå for pengestøtta til desse festivalane.

Slik det er i dag er det tre store kulturinstitusjonar som får over 80 prosent av dei over tre millionar kronene som fylket støttar dei ulike festivalane med.

(Artikkelen held fram under biletet)

Viggo Randal

RETTFERDIG: Viggo Randal i Utkantfestivalen føreslår at knutepunktordninga skal blir reint statleg. Slik kan ein hindre at ikkje alle dei fylkeskommunale kulturkronene går med til berre nokre få arrangement, meiner han.

Foto: Eivind Nordvik Hauge

Lite att til dei mindre festivalane

Det er knutepunktfestivalane Førdefestivalen og Norsk Country Treff, i tillegg til Opera Nordfjord, som i dag får betydelege statlege kulturkroner.

Men ein del av vilkåret når staten bidreg med 60 prosent av støtta, er at fylket går inn med 40 prosent. Det har ført til at dei fylkeskommunale støttekronene har auka kraftig dei siste åra. Men støtta til den andre og mindre arrangementa i fylket har gått ned.

– Slik eg ser det burde knutepunktstatusen blitt gjort reint statleg. Slik at den ikkje bakbinder Fylkeskommunen med at dei må gje eit visst beløp i forhold til den statlege støtta, seier Randal i Utkantfestivalen.

Randal meiner det blir lite att for dei mindre festivalane å dele og håpar det blir teke grep for å endre dette. Randal fryktar at terskelen for å få pengar frå fylkeskommunen har blitt veldig høg.

– Det finst mykje god kultur som kunne vore støtta av fylkeskommunen, som ikkje får støtte i dag, seier Randal.

Får støtte

Og festivalsjefen i Gulen får langt på veg støtte frå Jørgen Skauge som er dagleg leiar i Brak. Brak er interesseorganisasjonen for det rytmiske musikkmiljøet i Hordaland og Sogn og Fjordane.

Skauge meiner det blir for mykje topp og for lite breidde i festivalstøtta.

– Vi er ikkje imot ordninga med knutepunktstatus, men vi ser at det blir for lite middel til breidde, seier Skauge.

Meir pengar – nesten alt til knutepunktfestivalane

Han fortel at Brak har fått tal frå fylkeskommunen som viser at nesten alt av auke på kulturbudsjetta dei siste åra har gått til festivalane som har status som knutepunkt.

– Festivalstøtteordninga frå Fylkeskommunen har hatt ein markant auke frå 2006 til 2012, med 300 prosent.

– Dessverre har 291 prosent av det gått til knutepunktfestivalen, seier Skauge.

Han presiserer samtidig at dei meiner knutepunktfestivalane gjer ein god jobb og fortener midlane.

– Men når ni av dei elleve andre som får støtte får under 80.000 kroner, så er det lite igjen å lage festival for.

– Ei løysing kan som nemnt vere å seie at knutepunktfestivalane må finansierast reint statleg.