Hopp til innhold

Stengd veg fører til lang omveg

Vegstenginga på fylkesveg 60 i Stryn får konsekvensar for mange – mellom anna dei som pendlar på vegen Olden–Innvik.

Randi Dortea Støyva

OMVEG: Randi Dortea Støyva får lang veg til jobben når fylkesveg 60 er stengd etter steinraset.

Foto: Arne Vik/Privat (Montasje)

Randi Dortea Støyva jobbar på Nordfjord kjøt i Loen i Stryn. Ho bur Breim og køyrer til vanleg over Utvikfjellet på veg til jobb. I går fekk ho fekk ein ekstra lang tur heim.

– No har eg dobbelt så lang veg til jobb som vanleg. I går brukte eg tre og ein halv time på heimvegen, for det var ein del venting på ferjekaia, fortel ho.

Må via Eid og Stryn

Når vegen er stengd, må ho køyre til Anda og ta ferja til Lote. Deretter går turen via Nordfjordeid og Stryn til Loen.

Det var litt før klokka ni måndag føremiddag at steinblokkene dundra ned utanfor Vanbergtunnelen på fylkesveg 60 mellom Olden og Innvik i Stryn kommune. Vegen har vore stengd sidan raset kom.

Det blir no drive fjellreinsking på staden, men Statens vegvesen kan enno ikkje seie når vegen opnar att.

(Artikkelen held fram under biletet)

Steinblokker sperrar vegen mellom Olden - Innvik

DIGER BLOKK: Så stor var den eine steinen som kom ned.

Foto: NRK.no-tipsar

Meiner vegen er ei skam

Vegstrekninga har blitt kåra til Norges verste vegstrekning. Men sjølv om Støyva av og til tykkjer det er skummelt å køyre her, prøver ho å ikkje tenkje på det til vanleg.

– Det har gått ein del ras her, men eg reknar med at dei stengjer dersom det er rasfare. Eg kvir meg ikkje, men føler meg må vere merksam heile tida.

Ho tykkjer heile vegen er ei stor skam, men har eit håp om at det skal bli betre.

– Det er stadig ein liten stubb som blir utbetra, så det er vel håp til slutt.

Ein geolog som er i rassområdet kan ikkje seie om vegen blir opna i dag. Støyva er difor budd på ein lang tur heim i dag også.

– Eg reknar med det blir same lange omvegen i ettermiddag, seier ho.