Hopp til innhold

Tone får skryt for ny musikkvideo

– Det kjennest godt å ikkje vere blyg, seier Tone Damli Aaberge om sin nye musikkvideo.

Tone Damli Aaberge

SKRYT: Tone Damli Aaberge har lagt vekk det uskyldsreine imaget i sin nyaste musikkvideoe – og får mykje skryt.

Foto: Lien, Kyrre / SCANPIX

Og nettopp blyg er det siste sognejenta er i sin nyaste musikkvideo. Som ho sjølv skriv på bloggen sin så blir det mykje lår og hår i videoen til «Look Back».

Planen var eigentleg å spele inn ein video i ørkenen, men storm sette ein stoppar for det, og då vart ting litt annleis.

– Når ein ikkje får ørken, så må ein by på litt hud. Såpass raus må ein vere, seier Damli Aaberge til VG. nett.

Sjølve låta har fått terningkast 4 i både VG og Dagbladet, men den lettkledde videoen har også fått spalteplass. Og i musikkmiljøet er det mykje skryt å hauste for videoen der ho legg vekk det uskyldige imaget.

Supermanager Simon Fuller, som mellom anna har David Beckham og Jennifer Lopez i stallen, skal ifølgje VG sine kjelder synst at videoen er fantastisk.

Berre i løpet av måndag føremiddag var det 35 000 som hadde sett videoen på YouTube, skriv nettstaden.