Dei vil få prøvd vedtaket om å leggje ned ortopedien ved Nordfjord sjukehus for domstolen.
- LES OGSÅ: Trugar med å saksøke Helse Førde
– Vi ser ikkje andre moglegheiter. Eg har sagt før at det er to moglegheiter å redde dette på. Det er anten att Regjeringa, anten ved Stoltenberg eller ministeren, griper inn, eller så må det bli rettssak, seier styremedlem i sjukehusaksjonen, Jan Eide.
Står ribba att
Den første moglegheiten forsvann måndag då Helse Vest og Helse- og omsorgsdepartementet har avslått oppmodinga om å stogge nedlegginga av sjukehuset.
- LES OGSÅ: Ortopedien forsvinn raskare
Aksjonistane er ikkje samd med helseføretaket at innbyggjarane i Nordfjord får eit fagleg forsvarleg tilbod med nedbygginga.
– Sjukehusaksjonen er av den klare formeining at Nordfjord sjukehus ved inngongen til 2012 vil stå att som eit ribba sjukehus, som ikkje vil kunne gje lokalbefolkningen i Nordfjord eit fagleg forsvarleg tilbud. Sidan ortopediverksemda ved sjukehuset blir avvikla, forsvinn all kirurgisk aktivitet frå sjukehuset. Det er også eit brot på gåvebrevet frå 1950, skriv leiar i sjukehusaksjonen, Svein Hansen, i ei pressemelding.
Har ei framtid
Aksjonistane har allereie engasjert advokat i saka, og har oppmoda innbyggjarane i Nordfjord om å støtte opp om aksjonen økonomisk. Eide er overtydd om at det bør vere ei framtid for Nordfjord sjukehus.
- LES OGSÅ: Kommune løyver pengar til søksmål
Han ynskjer at domstolen skal avgjere kven som har gjort rett og gale i saka. Eit slikt rettsleg steg vil vere det første av sitt slag.
– Her snakkar vi om å auke befolkningsgrunnlaget i Nordfjord, og så blir vi handsama på denne måten, seier Eide.
Fryktar ikkje sak
Det har ikkje lukkast NRK å få kommentar frå styreleiar Clara Øberg i Helse Førde. Ho har tidlegare uttala at ho ikkje fryktar utfallet av ei eventuell rettssak.
- LES OGSÅ: Er dette nedlegging av sjukehusa?
Då sjukehusaksjonistane først varsla rettssak, sa Øberg at ho har stor tiltru til rettssystemet.
– Det er fritt opp til dei å saksøke kven dei vil. Dersom sjukehusaksjonen meiner dette er ein metode som gangar dei, så er det greitt for meg, sa ho.