Hopp til innhold

Dei skal stemme for første gong

Sogn og Fjordane er det fylket i landet som har flest førstegongsveljarar i forhold til folketalet. 3,8 prosent av dei med røysterett kan i år gå til valurnene for første gong.

Kristin Hoel Pedersen, Rebin Badkan og Daniel Kleiven Strøm

FOR FØRSTE GONG: Kristin Hoel Pedersen, Rebin Badkan og Daniel Kleiven Pastén kan stemme ved valet i september.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

I Årdal stilte dei politiske partia opp i flokk og følgje for å overtyda dei unge veljarane.

Førstegongsveljarane på Årdal vidaregåande skule spør, og politikarane svarar viljug vekk. For Kristin Hoel Pedersen handlar det om å få dei rette svara, før ho bestemmer seg.

– Eg har ikkje bestemt meg enno, eg har ikkje sett meg inn i det så mykje som eg burde ha gjort. Men slik det ser ut i dag, går eg for den personen som representerer partiet sitt best og klarer å overtyde meg om at det er rett å stemme på nettopp det partiet, seier ho.

Ifølgje tal frå Statistisk sentralbyrå, er det 3100 18- og 19-åringar i Sogn og Fjordane, som i år kan røysta for første gong. Det er flest i høve folketalet i heile landet.

– Valet er ikkje vanskeleg

Rebin Badkan kom til Noreg som 6-åring. Han er klar på kva politikk det partiet han skal røysta på skal ha.

– I og med at eg er innvandrar, så stemmer eg på det parti som er for innvandring, fortel han.

På valtorget i Årdal meiner klassekamerat Daniel Kleiven Pastén at det han har fått med seg frå oppveksten vel så mykje er med på å avgjera kva han skal røysta.

– Eg kjem frå ein sosialistisk familie, og heilt frå eg var liten har eg blitt mata med feministiske og sosialistiske tankar. Det blir ikkje så vanskeleg val.

– Blir ein lett påverka av dei ulike partia slik som til dømes her på valtorget med representantar frå ulike politiske parti?

– Det er klart at visse parti har enkeltsaker som er freistande. Men det er viktig å sjå heile biletet og kva partiet faktisk meiner.

Sp størst i Ap-kommunen

I Årdal valde ein å halda skuleval samstundes med valtorget, og i Ap-bastionen var det overraskande nok Senterpartiet som kom best ut med 36,8 prosent av røystene. Ap var hakk i hel med 33,7 prosent.

Ein aktiv gjeng med Senterungdomar i kommunen er årsaka til sigeren i skulevalet, meiner Ap-leiar Hilmar Høl.

– Eg må rose Senterungdommen for den jobben dei gjer med å dra med seg ungdommen. Det skal dei ha all honnør for.

Lar seg ikkje lokke

Etter fleire timar, der dei unge vert overøst med partiinformasjon, drops, sjokoladekake og kaffi. Daniel Kleiven Pastén lot seg ikkje imponere.

– Eg har framleis same inntrykket av partia som eg har hatt før, seier han.