Borten Moe fredar pelsdyrnæringa

STØR PELSDYR: Ola Borten Moe varslar at Senterpartiet vil frede pelsdyrnæringa.
Foto: Alley, Ned/ScanpixNestleiar i Senterpartiet, Ola Borten Moe, lovar at pelsdyrnæringa skal få leva vidare. Internt i regjeringa er det sterk usemje om dette.
Publisert 22.08.2011 07:46.
- Skriv ut
Både SV og Ap reagerer sterkt på at olje- og energiminister og Sp-kronprins Ola Borten Moe, førehandsvarslar ei freding for pelsdyrnæringa.
Kjem i haust
Svaret på kva regjeringa si haldning vil vere, kjem i landbruksmeldinga. Den skulle ha vore klar alt i vår, men er no utsett til utpå hausten.
- LES OGSÅ: Pelsdyrnæringa nøgd med nye reglar
– Eg trur eg trygt kan love at meldinga ikkje blir noko avviklingsmelding for pelsdyrhald i Noreg, seier Borten Moe til avisa Opp i Oppdal.
– Kan ikkje freda
Pelsdyrnæringa har dei siste åra vore utsett for sterk kritikk, og sterke politiske krefter meiner at heile næringa bør avviklast.
– Ein bør ta innover seg vi er ei regjering sett saman av tre ulike parti. Ingen kan freda noko som helst før landbruksmeldinga kjem, seier stortingsrepresentant Terje Aasland (Ap) til Dagsavisen, i følgje NTB.
SV er kritiske
Også SV reagerer sterkt på utspelet frå Borten Moe.
– Det er heilt greitt at han har eit slikt ønskje, men eg synes det er litt spesielt og lite gunstig at han uttalar seg i enkeltsaker i ei melding som enda ikkje er lagt fram, seier næringspolitisk talsmann for SV, Alf Holmelid.

















Sol og sommar i fylket