Hopp til innhold

Norsun tener endeleg pengar

Solcellefabrikken Norsun i Årdal tente i fjor pengar på drifta, for første gong sidan oppstarten i 2008.

Norsun Årdal

Solcellefabrikken vart opna i 2008. Først no tener dei pengar på drifta.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Jon Hindar

Administrerande direktør i Norsun, Jon Hindar.

Foto: Photocure

– Det har gått litt seinare enn vi kunne ønske, men no har vi nådd ein viktig milepæl, seier administrerande direktør Jon Hindar.

Store tap i 2008 og 2009

Konsernet Norsun har tapt 760 millionar dei siste åra. Sjølv om størstedelen skriv seg frå ei feilinvestering i Tyskland, so har dårleg lønsemd i Årdal vore ein viktig faktor.

No peikar pila endeleg oppover.

– Me tente pengar på drifta. Det var ein viktig målsetning for oss, etter ein noko plundrete start. Det er viktig for oss å visa at det er liv laga for verksemda der óg, seier Hindar.

Har ingen planar om å kutte

Norsun blei saman med dørfabrikken Dooria etablert som erstatning for arbeidsplassane som gjekk tapt då hjørnesteinsverksemda Hydro kutta kraftig i arbeidsstokken.

Hindar forstår at folk kan bli urolege etter at Dooria nyleg la inn årene og det er kjent at andre solcelleprodusentar her i landet no permitterer.

– Eg skjønar at ein blir bekymra når ein ser rundt seg og ser på utviklinga i industrien generelt og permitteringar blant våre bransjekollegaer i Noreg, eg har ikkje vanskeleg for å forstå at det kan skapa uro, seier han.

– Men me har ingen planar om å gå den vegen, legg han til.

Ordføraren letta over utviklinga

– Me ser at med den infrastrukturen og bemanninga som allereie er i Årdal, so kan me auka kapasiteten vesentleg dei neste åra, noko som me kjem til å gjera.

I Årdal er ordførar Arild Ingar Lægreid (AP) letta over at Norsun ser ut til å klare seg bra.

– Denne bedrifta har demt opp for dei kutta Hydro har drive med dei siste åra, so det er ei særs viktig bedrift for Årdal, seier ein letta ordførar.