Hopp til innhold

- Legg nederlaget bak dykk

Redaktør i Fjordingen, Bengt Flaten, ber lesarane sine akseptere nederlag i sjukehussaka - og å sjå framover.

Nordfjord sjukehus

TAPT SLAG: Regjeringa har bestemt seg for å kutte ortopedien og å gjere fødeavdelinga om til ei jordmorstyrt fødestove.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Fredag vart det kjent at Regjeringa går for å redusere fødetilboda i Odda, Lærdal og Lofoten.

I tillegg vil dei fjerne ortopedien ved lokalsjukehuset på Nordfjordeid. Her skal også fødeavdelinga skal erstattast med ei jordmorstyrt fødestove.

- Det nyttar ikkje å kjempe mot eit regjeringsvedtak. Då har du bomma. No handlar det rett og slett å sjå framover. Uansett kor usamd ein er i vedtaket, seier Bengt Flaten.

Må gå vidare

Redaktøren i Fjordingen tek til orde for å leggje ned stridsøksa i dagens leiar. Han sler fast at både sjukehus og pasientar blir skadelidande som følgje av vedtaket.

- Det er «fair enough» å vere usamd og skuffa, men ein må rett og slett leggje det bak seg og gå vidare, seier Flaten.

- Hard og fair kamp

Bengt Flaten

SER FRAMOVER: Redaktør i Fjordingen, Bengt Flaten.

Foto: NRK

Flaten skildrar sjukehuskampen som ein hard og fair kamp, der ein på ulike vis har prøvd å overbevise om at fødeavdelinga og ortopedien i Nordfjord var liv laga.

- I siste time, så gjekk ikkje det. Når kampen er ført fram til dørstokken, så må ein ta det nederlaget som det er, og kjempe vidare utfrå det som er bestemt, seier han.

Får 75 millionar kroner

Nordfjord sjukehus får tilført 75 millionar kroner til omstilling over tre år. Redaktøren meiner Helse Førde og nordfjordingane no må samle krefter for å skape eit best mogleg lokalsjukehus for framtida.

- Regjeringa har lagt fram ein pakke som inneheld ein god del pengar, men førebels ikkje så mykje meir enn det. Der tenkjer eg det kan vere ei spanande sak der både Nordfjord og Helse Førde kan setje seg i førarsetet og forme eit framtidas lokalsjukehus, seier han.