Møtet vert halde på Sunnfjord hotell. På dette møtet skal strategiplanen vedtakast.
Vi sender heile møtet direkte i nett-TV frå klokka 09.30.
LES OGSÅ:
- Kuttar Føden og Lærdal og ortopedien i Nordfjord
- Bolstad: – Derfor må Helse Førde kutte
- Sterke sjukehus-reaksjonar
- Nye kutt ved sentralsjukehuset
BAKGRUNN: Administrerande direktør Jon Bolstad la måndag fram administrasjonen sitt endelege framlegg til ny strategiplan i Helse Førde.
Framlegget frå Bolstad inneber at den forsterka fødestova ved Lærdal sjukehus blir lagt ned snarast råd, og at dagens fødeavdeling ved Nordfjord sjukehus vert omgjort til jordmorstyrt fødestove. I tillegg vil ein leggje ned ortopedi-tilbodet i Nordfjord.
- Kva meiner du om det som kjem fram på styremøtet? Sei di meining nederst i saka.
På sikt ønskjer ein å leggje også føden i Nordfjord og ortopedien i Lærdal, og satse på poliklinisk dagbehandling.
Strategiplanen som innheld 11 hovudpunkt legg også opp til innsparingar ved Førde sentralsjukehus.
Adm. dir. Jon Bolstad og styreleiar Clara Øberg før dagens styremøte på Sunnfjord hotell.
Foto: Oddleif Løset / NRK